Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

søndag 10. desember 2017

Tur til Kirkjubøur.


Dette blir siste innlegget frå turen til Færøyane  sommaren 2017.
Det vart ein spesiell tur som eg aldri vil gløyme.
Naturen, øyane og livet der var på ein måte gjennkjennbart
for meg som er oppvaksen på ei Sunnmørsøy.
Men likevel, så veldig annleis.


Kirkjubøur ligg berre 1,5 mil frå Torshavn,
og turen dit går gjennom frodig landskap med havutsikt.
Mærene viser at fiskeoppdrett er ein viktig
næringsveg på Færøyane i dag.


Bygda vert rekna som den viktigaste historiske staden 
på Færøyane, for i middelalderen var Kirkjubøur 
det religiøse og kulturelle sentrum på øyane.


Der var ein stor katedral, Magnuskatedralen, 
og biskopen budde der.
I dag ligg katedralen der som ein ruin,
utan tårn, tak eller vindu,
berre tjukke murveggar er tilbake.


Olavskyrkja frå 1100 talet 
er framleis i bruk, og ho
er ei av dei eldste kyrkjene på Færøyane, 



Her ser vi Johannes Patursson,
som er dagens kongsbonde,
og den 17. i rekkja av kongsbønder
frå  Patursson familien.


Røykstova er den eldste delen av Kongsgarden,
og kan daterast tilbake til det 11. århundrede.
Det er derfor det eldste bebudde huset i Europa.


Huset stammar frå Sognefjorden i Norge,
det blei demontert og sett oppatt på eit steinfundament
med opptil 2 meter tjukke murar.


Legenda seier at den norske kong Sverre 
vart fødd på Kirkjubøur etter at mor hans, Gunnhild,
måtte flykte frå Norge.
Ho arbeidde på garden til biskopen, 
og gøymde barnet i ei grotte i fjellsida.


Vi hadde ei interessant omvisning i kongsgarden,
og kongsbonden Johannes var ein glimrande 
historieforteljar.



Og så avsluttar eg besøket på Kongsgarden 
med ei lita kongsdotter
på full fart inn i framtida.


Den vakre naturen følgde oss tilbake
til flyplassen og heimreisa.


Denne hausten har eg mange gongar 
tenkt tilbake og gledd meg over sommarturen 
til Færøyane.
No når det nærmar seg jul, passar 
det godt å avslutte med eit bilde av gjess 
som gjekk fritt overalt på øyane.
Dei er nemlig julematen til
Færøyværingane!

søndag 19. november 2017

Ferjetur til Nolsoy.


Nolsoy ligg berre ein 20- minutts ferjetur frå Toshavn.
Tidlegare var det stor lokal båttrafikk til og frå 
den færøyiske hovudstaden,
men no har det kome bruer og tunellar mellom fleire av øyane.
Biltrafikken har teke over,
og frå sentrum av Torshavn går det berre båt
til øyane Sudur og Nolsoy.



Nolsoy ligg svært nær Torshavn,
men er svært forskjelleg frå hovudstaden.
Det følest som å kome tilbake til ei anna tid der vi
ruslar rundt blant fargerike trehus.



Øya har berre ein butikk med postkontor,
og ein turistinformasjon nede ved havna.



På vandringa vår besøkte vi øyas eldste hus,
der det var laga til eit lite spesielt museum.
Historia om Lovisa gjorde inntrykk på meg,
og vi såg kammerset der ho hadde budd og nokre av tinga hennar.


Dette var ein vanleg sommardag på Nolsoy,
og landskapet var vakkert, sjølv om det var kaldt og surt.
Guten på stranda var ein liten kontrast til det badelivet 
våre barn er vande med i juli.




Så tok vi Ternan tilbake til Torshavn
etter ein fin tur til Nolsoy.
Det var kjekt å snakke med folk på ferga.
Dama som sit og strikkar fortalde at faren hennar 
kom frå Lillehammer.



Tilbake i Torshavn følte vi at vi hadde besøkt 
ein unik stad der livet var 
annleis enn i Torshavn.



søndag 12. november 2017

Torshavn.


Torshavn, eller havn som færøyingane seier,
er ein av dei minste hovudstadane i verda.
Det er 12 000 innbyggjarar i byen,
og 20 000 i kommunen.



Torshavn har fått namnet sitt etter 
den nordiske krigsguden Tor,
Byen si historie går tilbake til 800 - 900 talet,
den gongen var byen berre ei hamn med 
tingstad på Tinganes.




I bydelen Tinganes er gatene smale, 
og husa små med tradisjonelle grastak
og kvite småruta vindu.
Gongin fører ned til Tinganes der kanskje 
eit av verdas eldste parlament kom saman 
allereide for 1900 år sidan.



I dag er Tinganes ein levande bydel, 
og Torshavn er ein velståande by med moderne utsjånad.
Her er skular, universitet, kulturliv og manga restautantar.


Torshavn har dei siste åra utvikla seg 
til ein konsentrert miniversjon av ein moderne by.
Katedralen, Havnar kirkja, dannar eit skille 
mellom det gamle og det nye.



Eit av dei beste stroka i byen er hamneområdet 
med moderne kafear, restaurantar og pubar.
Her finn vi også butikkar med designarklede og galleri av ymse slag.




Færøyiske strikkeplagg er kjende rundt om i verda.
Dei har fine fargar og mønster, og det beste utvalget
finnst i hovudstaden.


Når du går rundt i Torshavn vil du oppdage
menge flotte moderne skulpturar og kunstverk.
Spesielle og vakre.


Eit besøk til Torshavn er absolutt å anbefale.
Den siste smakebiten eg vil ta med her,
er Nordens Hus .  Det er vakkert og spesielt
både utanpå og inni.