Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 25. august 2015

August er her.


August er her. 
Med litt meir avdempa fargar i naturen,
men enkelte stauder står no i all si prakt.
Eit eksempel på dette er Fredløs, ei staude som blomstrar overalt,
både innanfor og utanfor hagegjerdet.


Sjølv om sommaren har vore dårleg på våre kantar,
bugnar no bærtreda av flotte hagebær.
Solbær er min favoritt.
I barndommen kunne varm solbærsaft kurere det meste,
og dei bæra vart alltid tekne godt vare på.


I våre dagar er det ikkje så vanleg at vi plukkar hagebær
og lagar saft og syltetøy,
men sunn og kortreist mat er på moten,
og alle blir glade for å få eit syltetøyglas i presang.


Så eg har plukka solbær og laga
deilig gammaldags solbærsyltetøy.


Så no kan vinteren kome,
eg har nok av solbærsyltetøy
som vi kan kose oss med på brødskivene utover hausten og vinteren.
Godt til is og pannekaker og til ost er det også.


Og sjølv om dei lange lyse sommarkveldane er over,
får vi håpe på mange fine kveldar 
der himmelen er vakker i skumringstimen.


Og hausthagen er vakker til langt ut i oktober,
så vi har mykje å glede oss til!