Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 20. oktober 2015

Haustblogg, oktober.


Her i Nordvest har vi hatt ein sjelden vakker oktobermånad i år,
med fargerike og praktfulle soloppgangar og solnedgangar .
Her er Sandsøya bada i eit nydeleg himmellys,
slik vi har sett mange gongar denne månaden.


I oktober vart det også ein hausttur
til Trondheim.


Her med 2 av dei minste i familien.


I oktober er norsk frukt på sitt beste.
Fint å kunne foredle litt sjølv med tanke på vinteren.
Her heimelaga plommesyltetøy og hermetiske pærer.


Helga 17. og 18. oktober var vi på Sandsøya.
Resten av oktoberbilda er frå desse 2 dagane.


Stilt og roleg på hamna.
Men krisa i oljeindustrien er også synleg her.
Her ser vi offshorebåten Rem Vision som ligg i opplag på Sandshamna.



Hausthagen min er framleis vakker.
Hortensiane er meir intense i fargane, 
og stemorsblomstrane som har blomstra heile sommaren,
har ikkje gitt opp enda. 




Men bjørka mistar blad heile tida,
og vil snart stå ribba tilbake.



Dyra har det fint 
på denne grøderike øya.


Eg vil avslutte oktoberbloggen med bilder 
frå bestefartunet i Fredly.
For hundre år sidan var det masse liv og røre her.
No er her aude og stilt, 
og vind og veir har etterlate seg spor.
Men her er framleis vakkert.


Og på kyrkjegarden på øya kviler 
bestefar Johannes og dei to bestemødrene mine 
under oktoberhimmelen.
Fred over minnet deira.