Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 18. februar 2016

Ei vinterreise i Tyrkia.


Fakta om Tyrkia:
Landet har 78,7 millionar innbyggarar,
46 millionar av desse er under 30 år.
Landet har no 11 % arbeidsledigheit.
I 2012 vart det innført 12 års 
obligatorisk skulegang for alle,
og dette er gratis.


Frå 4. til 11. februar var eg på rundreise
i Anatalyaprovinsen i sørvest Tyrkia.
Dette området er ei turistmaskin om sommaren.
Om vinteren er her god plass,
det er ingen køer og vi kan rusle rundt og 
fotografere i fred og ro.


På turen i Taurusfjella var det snø
og glatte vegar, og 6 minusgrader.
Men så var vi også oppe i ei høgde på
ca 1500 meter over havet.



Anataliaprovinsen har ca 1,2 millionar menneske,
og viktiaste næringsvegane er jordbruk og turisme.
Det er 3000 hotell i området, og dei håpar på
11 millionar tuistar i 2016.



Her besøkjer vi klokketårnet og moskeen 
i provinshovudstaden Anatalya.
Byen har 1,2 mill. innb., 
og blir kalla Middelhavets perle.



På båttur til munningen av Manavgatelva.
Det vart også tid til å vasse litt i Middelhavet.



På tyrkisk aften med svingande skjørt
og profesjonelle kelnarar.



Alle hotella vi overnatta på var førsteklasses,
og maten var farleg god.



Tusen takk til Kenba Tour for ein flott tilrettelagd ferie.
Og ikkje minst til den kunnskapsrike reiseleiaren vår,
tyrkiske Bulent, som snakka godt norsk  
og var utruleg sympatisk.

Besøk til dei antikke byane Faselis, Hierapolis og Perge.


Her ser vi eit oversiktsbilde av amfiteateret 
i den antikke byen Hierapolis.
Antikken er ei tidsperiode i gresk og romersk historie
frå ca 700 f. Kr til 500 e. Kr.

På rundturen i Tyrkia no i februar, besøkte vi
ruinene etter 3 antikke byar.
Det var fantastisk å sjå desse levningane frå fortida,
og med litt fantasi kan vi sjå for oss
korleis byane såg ut, 
og fantasere om korleis livet var der.


Faselis var ein gong ein av dei viktigaste 
byane ved Middelhavet.
Den blei kolonisert frå Rhodos 700 år f. Kr.



Der var gode hamneforhold, 
så sjøfart og handel var viktig for byen,
som var ein viktig hamneby i den delen av Lilleasia
som i antikken  var kjend som Lykia.



Rester etter vassforsyninga til byen.


I år 43 e. Kr var den romerske keisaren Claudius
herskar over Lykia.
Dei fleste antikke levningane i Faselis
er i dag frå denne perioden.


 Faselis vart forlatt ca 1000 år e. Kr.
Klimaendringar og malariamygg
gjorde det uråd for folk å bu der lenger.



HIERAPOLIS OG PAMUKKALE.


Hierapolis er sagt å vere grunnlagt 197 - 159 f. Kr.,
men er sansynlegvis enda eldre.
Namnet betyr den heilage byen,
og i antikken trudde dei den blei grunnlagt
av guden Apollo.


Ruinene av Hierapolis ligg ved sida av dagens Pamukkale.
og er eit av dei mest kjende turismåla i Tyrkia.
Begge er på Unescos verdsarvliste sidan 1988,
saman med det arkeologiske museet i byen.


Namnet Pamukkale betyr bomullsfestning, 
fordi klippeformasjonane ser ut som bomull.
Det varme vatnet strøymer over klippene,
og har i løpet av årtusen skapt unike
kalkterasser og steinformasjonar.



Bilder frå dagens Pamukkale,  der turistane
vassar rundt i det varme kalksteinsvatnet.


Rester etter utgravingar på det arkeologiske museet
i Pamukkale.


Hierapolis vart også ein kjend pilgrimsby,
fordi apostelen Thomas leid martyrdøden 
og vart gravlagd der.
Byen var utsett for fleire jordskjelv, 
og etter det siste ca 600 år e. Kr., 
vart byen øydelagd og fråflytta.


PERGE.


Perge er i dag ein arkeologisk utgravingsplass
og turistattraksjon.
Byen vart grunnlagt ca 1500 f. Kr.
Artemistempelet stod på ei høgde utanfor byen.
Det er ikkje gravd fram enda.
Byen har også mellom anna restar av eit teater, stadion og 2 kyrkjer.


Den antikke byen Perge er ein viktig by i bibelhistoria
fordi apostelen Paulus starta reisene sine der.
Han besøkte Perge år 49 e. Kr., og hadde 
si første gudsteneste her.
Her ser vi restane etter den hellenistiske porten,
også kalla Paulus porten,
som Paulus gjekk igjennom for å kome inn i byen. 


I Perge kan vi sjå ruinane  av eit gammalt amfiteater,
det finnst spor etter 2 kyrkjer, og ein marknadsplass(agora)
med mål 76*76 meter.  Gjennom byen går ei lang hovudgate,
med butikkar på begge sider.


Vi kan også sjå restar av eit stadion 
som har U form, og som  hadde plass til 12000 menneske.

 

 Utifrå størrelsen på byen og alle bygga det er funne spor etter der,
kan vi slå fast at Perge må ha vore ein av dei største byane i antikken.