Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 31. mars 2016

Rufsete vår og lesetid.


31. mars vakna eg til snøver og kulde 
og kvitt vinterlandskap.
Dagen før var det solskin og vårstemning,
og ingen tegn til vinter.
På denne årstida kjem ofte Erleridene på rekke og rad,
men dei robuste snøklokkene
let seg ikkje skremme.


Ein slik dag kan eg med godt samvit 
kose meg inne med ei god bok.
Av bøkene eg har lese det siste året, 
er Napoli-kvartetten til Elena Ferrante 
dei som har facinert meg mest.
Det er tilsaman 4 bøker, 3 av dei er no omsette til norsk.
Det er  Mi brilliante venninne, 
Historia om det nye namnet, og nr. 3 som heiter
Historia om dei som flyktar og dei som blir,
og som nettopp no er komen ut på norsk.
I bøkene følgjer vi dei to venninnene Elena og Lila
frå barndommen i det fattige Etterkrigs-Napoli
og vidare gjennom dei sosiale og politiske endringane
fram til i dag,


Bøkene til Elena Ferrante har eit stort persongalleri,
og dei skildrar ei verd som er veldig framand for oss.
Oppveksten i Napoli byr på fattigdom, vold, kriminalitet og politisk uro.
Men kjem ein først inn i Elena Ferrante si verd, 
er det vanskeleg å kome seg utatt.
Eg greier iallfall ikkje å legge frå meg boka før eg er ferdig med den,
og den siste som eg les no er på 500 sider.

Romanane til Elena Ferrante har vorte ein stor internasjomnal suksess.
Dei er omsette til 39 språk, og er selt i over 2 millionar eksemplar.
Men det store spørsmålet er: 
Kven er Elena Ferrante?
Elena Ferrante er nemleg eit pseudonym, 
og det har lenge vore spekulert på kven forfattaren verkeleg er.
Eit tips er at det er Napoli-professoren Marcella Marmo (69),
men ho nektar sjølv for at ho har skrive bøkene.
Eg er ikkje Elena Ferrante, sa ho i eit telefonintervju med The New York Times.
Men ho sa i same intervjuet:
Ein har alltid meir enn ein identitet.


Så er eg tilbake til 31. mars igjen.
I morgon er det 1. april,
og då reknar eg med at snøen forsvinn fortare enn svint.