Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

søndag 1. mai 2016

Nokre tankar om 1. mai.


Sidan 1890 har 1. mai vore arbeidarane sin
internasjonale kampdag og festdag.
Dei har kjempa for verdiar som 
FELLESSKAP,  RETTFERD  og  
SOLIDARITET.
Enkelte har hevda at denne dagen har utspelt si rolle,
men mange har innsett at den no
er viktigare enn på lenge.


Vi lever i ei krevande tid.
I Norge har vi i dag rekordstor arbeidsledigheit,
135 000 menneske er no utan arbeid.
Dette er menneske som vil jobb og kan jobbe,
og det er ei krise for kvar og ein som mister jobben
og familiene deira.
Tida er inne til å vise solidaritet og politisk handlekraft,
og 1. mai er rette dagen til å markere dette.


Eg tenkjer på at 1. mai er ein merkedag
for alle som trur på fellesskap, solidaritet og likeverd.
Eg tenkjer på at vi alle har rettigheiter og plikter,
og at det sikkerheitsnettet vi har for ikkje å falle igjennom
og ikkje klare å reise oss igjen,
ikkje har kome av seg sjølv.
Det er kjempa fram i fellesskap
blant anna ved å bruke dagen i dag 
til å markere det vi vil kjempe for.
Eg tenkjer på at alt vi har bygd opp ,
no plukkast frå kvarandre sakte men sikkert.
Nokon trur det er betre med pengar 
i skjulte bankkontoar enn eit reelt spleiselag.
Og at eg er betre enn du.
Eg håper denne dagen motbeviser det.

Dette er ord som eg ikkje har forfatta sjølv.
Men nokon har publisert dette på facebook,
og eg vil gjere desse orda til mine , 
og dele dei med dokke.

Gratulerer med dagen alle saman!