Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

fredag 29. juli 2016

Rosens tid.


Rosen.
Jag ær skøn,
ty jag har vuxit i min ælskades trædgård.
Jag stod i vårregn och fick dricka  længtan,
jag stod i solen och fick dricka glød -
nu står jag øppen och væntar.

            Edith Sødergran.


Det er slutten av juli,
og sommarveiret er verken solfylt eller varmt
her i nordvest.
Himmelen er stort sett grå,
og det er skodde i fjella omtrent kvar dag.
Noko anna hadde vel vore mot normalt 
på våre kantar.


  Men naturen lever sitt eige liv,
og rosene er vakre som aldri før.


I hagen min i Seljebakken 
er det mange gamle og velduftande rosentred.
Desse rosene står ikkje lenge,
men dei er mange, og til stor glede så lenge dei varer.