Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 7. september 2016

Gjensyn med Praha.


Praha (ca 1,4 mill. innb.) er ein by eg har besøkt mange gongar,
men aldri blir lei av.
Byen er utruleg vakker der den ligg på begge sider av elva Vitava.
Denne gongen var eg der siste veka i august.
Vi vandra rundt kvar dag i varmt og fint veir.
Vi tok verken trikk eller buss, alt vi såg og opplevde denne gongen
rakk vi til fots.


Båttur på Vitava ( Moldau)
Å ta ein båttur på elva når gradestokken nærmar seg 30 grader pluss,
kan aldri bli feil.

Å sjå Praha frå vatnet ein roleg solskinsdag,
er ei oppleving du kan varme deg på 
i mørke og kalde haustkveldar.


Gamlebyen.
Inngangen til Gamlebyen frå Karlsbrua


Når du kjem inn i Gamlebyen frå Karlsbrua 
treffer du eit samansurium av smågater som det er 
lett å vandre deg vekk i.
Men greier du å følje Karlovagata, så kjem du fram til torget
som er hjertet i Gamlebyen.


På torget framfor Rådhuset kan vi beundre det berømte astronomiske uret.
Uret vart bygd på 1400-talet, like før det vart oppdaga at jorda var rund. 
Kvar heile time kjem dei 12 apostlane i tred ut av den vesle døra på toppen,
og framfører ein melodi.
Når dørene blir lukka, ringjer ein djevelfigur i ei klokke,
og minner oss om at vi er ein time nærmare døden.

Det jødiske kvartalet.


Når vi går oppover den flotte Parizska gata frå torget,
kjem vi til det jødiske kvartalet.
Vi såg på den gamle Nysynagoga som vart fullført i 1270,
og som er den eldste synagoga i Europa som endå er i bruk.



Vi titta også inn på den  jødiske kyrkjegarden,
som har ca 1200 graver.
På grunn av mangel på plass, ligg dei døde begravd
i fleire lag oppå kvarandre.


Ei byvandring treng mange pausar,
og i Praha er det ikkje langt mellom koselege plassar å slå seg ned.


Smetana kafeen nær Karlsbrua i Gamlebyen er verd eit besøk.
Der er fleire restaurantar i same område,
og mat og utsikt er upåklageleg.


Karlsbrua.


Karlsbrua bind saman Gamlebyen og Prahaborga & Hradcany og Mala Strana.
I Praha er det 15 bruer som knyter saman 
bydelane som ligg på begge sider av Vitavaelva.
Karlsbrua er den eldste ( frå 1357 ) og mest berømte av desse.
Den er 516 m lang og 9,5 m brei.




Det er ei spesielt vakker og livleg bru med musikantar og gateseljarar,
og du går i ei menneskemengde som bevegar seg i alle retningar.


Barokke helgenstatuer pyntar opp på brua. 



Praha borga.


Borga ligg på ei høgde, og kan sjåast over heile byen.
Den vart grunnlagt på 800 - tallet, 
og har med tida vakse til eit av dei største slottskompleksa i verda.
Frå 1918 hadde Tsjekkoslovakias rejering hovesete i borga.
I dag har presidenten av den Tsjekkiske republikk kontoret sitt der.



Ei rekkje museum, ambasader og offentlege bygg
ligg også innafor slottsområdet.


Her Nasjonalgalleriet, som vi ikkje fekk tid 
å besøkje denne gongen.

St. Vitus-katedralen.


St. Vitus- katedralen er den største og viktigaste kyrkja i Praha.
Kyrkja blei offisielt opna i 1921.


Der er mange vakre glasmaleri frå 1900 -talet
inne i kyrkja.


Dei gotiske tårna på st. Vitus-katedralen
kan ein sjå over heile byen.

Den gylne Gata.


Denne romantiske gata ligg like ved St. Vitus-katedralen,
og består av ei rekkje godt bevarte trehus frå 1600 - talet.




Alle husa har si historie, og er opne for publikum.


Det mest kjende huset er nr. 22,
der den tsjekkiske forfatteren Frans Kafka
budde og arbeidde.



Restaurantar med fin utsikt er det ikkje vanskeleg å finne i Praha.


Nye byen.


For å lette presset på det historiske sentrum,
grunnla Karl 4. Nye byen, som raskt vart eit handelssenter i Praha.


Dei fleste bygningane er i dag frå 18 - og 1900 talet,
i Jugendstil og nygotisk arkitektur.
Dei fleste bygningane er godt bevart,
og restaurering pågår overalt.
Dette er ein levande bydel med hotell, restautanrar og butikkar.


Vi budde denne gongen i Myslikova, på hotell Caesar,
som ligg i ei totalrenovert historisk bygning.
Med eit kvarters spasertur langs elva til Karlsbrua,
var dette ein ideell stad å bu.


På spaserturane våre heim om kvelden hadde vi ei praktfull utsikt
mot borga og St. Vitus katedralen.


Vaclavske Namesti i Nyebyen er hovedgata i Praha.
Det er ein stor boulevard full av diskotek, restaurantar og butikkar,


Grand Hotel Europa er eit berømt jugendhotell som ligg i denne gata.
Kafeen i 1. etg. var dessverre stengt no pga. oppussing.

Kultur.

Kulturen blomstrar i Praha,
og er lett tilgjengeleg for publikum.


Praha er verdsberømt for dokketeater,
og ikkje minst for Black Theater, som er ei blanding av 
pantomime, musikk, film og vanleg teater.
Det mest kjende er Laterna Magika, 
som ligg bak Nasjonalteateret. 


Her er Nasjonalteateret, som vi også passerte 
kvar dag på spaserturane våre.


Kvar gong eg er i Praha, ser eg Black Light forestillinga
Aspects of Alice. 
Det har blitt nokre gongar no, og det er like kjekt kvar gong.
Kan anbefalast!


Vi fekk også med oss ein konsert med Royal Czeck Orchestra.
Like flott som konserten var å oppleve atmosfæren
i den nydelege gamle  konsertsalen.


Bygningar.


Praha er eit viktig kulturelt senter i Europa.
Byen har meir enn 1000 historiske byggverk som er freda.
Mange av husa har vakre veggmåleri.


Byen har verdas best bevarte og varierte samlingar av arkitektur.
Frå Jugendstil til Barokk, Kubisme, Gotisk stil, Neoklassisk 
og ultramoderne arkitektur.



Dette huset som vi kan sjå frå Karlsbrua,
beundrer eg kvar gong eg er i Praha.


Dansehuset (The Dancing House) 
er eit av Prahas mest kjende bygg.
Byget er designa av Frank Gehry, etter ein ide av 
tidleare tsjekkiske president Vaclav Havel, og stod ferdig i 1996.
Lokalt er det kjent som Dansehuset, eller "Fred og Ginger"huset.
Dette huset er anerkjent som 
ei av dei viktigaste post-modernistiske bygningane i byen.


Huset er lett tilgjengeleg for publikum
via heis til restauranten i toppetasjen.
Sidan vi budde nær dette huset, besøkte vi det fleire gongar.


Vi besøkte også huset om kvelden, 
og frå kuppelplatået hadde vi ei fantastisk utsikt over byen.



Praha er verkeleg ei perle i glas og krystall.
Etter å ha sett nokre bilde frå ferieveka mi i Praha,
håper eg du får lyst til å reise dit.
Byen er verd eit eller fleire besøk!