Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 20. oktober 2016

Øyhelg i oktobersol.


Sandsøya oktober 2016.


Denne oktobermånaden har vore spesielt strålande på Sunnmøre.
Vi har hatt dag etter dag med strålande haustveir,
sol og vindstille og ingen nedbør.
Noko slikt er vi absolutt ikkje vande med!


Det har vore mange vakre solnedgangar her vest i havet.


Å eige eit hus på denne vakre øya gir mange gleder, 
men også plikter.
Vedlikehald og arbeid ute og inne blir ein del av liver vårt
når vi er her.



Huset er i dag eit typisk 1950 - 60 talshus.
Det er barndomsheimen min,
og fullt av minner etter dei som budde her før.


Denne sommaren har tre av soveromma på loftet 
fått nye vindu.
Det er kjekt å rydde og vaske og sette roma i stand igjen.



Også det blå rommet på loftet har fått nye vindu.



I denne delen av huset budde gudmora mi Anna, 
og mannen hennar Ola då eg vaks opp.



I respekt for dei har eg prøvd å ta vare på ting
som høyrde dei til.
Brudebildet deira heng over senga,
og golvbelegg og tapet er som det var på deira tid.


Også lampen og mange av dei andre tinga i rommet
har alltid vore her.


Ikkje alle tinga har vore i dette rommet alltid,
men dei har vorte plassert her av oss som bur her no,
fordi dei passar inn, og fordi vi gjerne vil ta vare på dei.






Utsikta frå rommet skifter med årstidene,
og lyden av storm og regn eller måseskrik er også nær her.



Dette var utsikta som møtte oss søndag 9. oktober.
Heile øya var innhylla i skodde,
men det varte  ikkje lenge før sola braut igjennom.


Med til ei øyhelg høyrer alltid ein tur
til fyrtårnet nederst på moloen.


Lyset er alltid i bevegelse og himmelen er høg
her ute på øya.


Hortensiaene blomstrar mesteparten av sommaren, 
og ikkje minst no i oktober.


Så forlet vi øya for denne gong, og tek ferga til Larsnes.
Frå vinduet kan vi sjå Sandsøya som ligg og duppar
i horisonten.