Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 24. mars 2015

Rabat.


Rabat.
Rabat er hovudstaden i Marokko, har ca 700 000 innb., og er 3. største byen i landet. Byen ligg ved Atlanterhavet ved munninga av elva Bou Regreg, og er kjend for sine praktfulle hagar. Sentrum av Rabat vart oppført på UNESCOS verdsarvliste i 2012.

Kongar i Marokko.
Franskmennene gjorde Rabat til hovudstad i 1912. Då landet vart sjølvstendig i 1956, valde den dåverande kongen, Mohammed 5., og la hovudstaden bli verande i Rabat. 
Då han døde, vart sonen Hassan 2. konge. Hassan 2. bygde det praktfulle Mohammed 5`s. Mausoleum i  Rabat, der dei kongelege blir gravlagde.

Mohammad 5. Mausoeum.
Inne i mausoleet. Kista til Mohammed 5. i  forgrunnen.
I dag er Mohammed 6.(f. 1963) konge i Marokko.
Han overtok trona i 1999, då faren Hassan 2. døde. Han er svært populær blant folket, ikkje minst fordi han gifta seg med ei vanleg marokkansk kvinne, dataingeniøren Salma Bennani frå Fes. 
I motsetning til faren og bestefaren valde han sjølv kven han ville gifte sg med, og han har berre ei kone, ikkje eit heilt harem som faren og bestefaren.  Paret har også berre 2 born, kanskje som eit bidrag til å stanse den store folkeauken i landet. Folk i Marokko får gratis prevensjon, dei får barnebiidrag for dei 2 første borna, og halvt bidrag for nr. 3.  Får dei fleire born, får dei ingen ting. Snittet på born pr. familie i Marokko er no 2,4 i byane, og 3 på landsbygda. 

Kong Mohammed 6. og Lalla Salma.
Gamlekongen innførde skuleplikt for alle born på 90-talet, og kongen og Lalla Salma følgjer opp. 
Det er 9 års skuleplikt, og offisielt er skulen gratis, men folk må sjølve kjøpe skulebøker til borna. 
Kongefamilien er aktivt med på å samle inn pengar til ranslar og skulebøker til fattige born.
Kongen har sagt frå seg apanasje, og han brukar mykje pengar på å finansiere husvære til fattige familier. Målet er at alle skal bu i hus med innlagt vatn og straum.

Mann i nasjonaldrakt. Slike såg vi i dei store byane. Dei ville gjerne tjene nokre slantar på å bli fotografert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar