Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

fredag 8. mai 2015

Sandsøya, eit tureldorado.


To glade born på tur i Hellandsvågane.


Vi kjem til Sandsøya med ferge frå Larsnes.
Det er ein fergetur på 30 minutt, og dersom vi er så heldige at det er
bilferga "Kvam" som går, er vi sikra ein fergetur med fin utsikt over øyane 
frå den øvste salongen.


Vi får endåtil kjøpt sveler og kaffi for ein billig penge.


Det kjem mange dagsturistar til øya.
Det er ikkje uvanleg at dei set igjen bilen på Larsnes,og tek sykkelen med på ferga.



Her nærmar vi oss Voksa.


Det er asfalt på vegane over heile øya, og ideelt å sykle.
Rasteplassar er det nok av, utsikt har du overalt, og sjøen er aldri langt unna.


Sandsvågen er eit verna våtmarksområde, og ein tur rundt vågen på beina eller på sykkel 
passar både for store og små.
Ein kan sjå mange slags fuglar på turen, bla. hegre, grågås og skarv. 
Om vinteren er det sangsvaner som held til på vågen. 


Ein kan også sykle til Hellandsvågane og gå til fots til nordvestspissen av øya.
Då kjem ein skikkeleg i kontakt med havet.


2 kommentarer:

  1. Du har nokre flotte foto frå ei vakker øy! Helsing Hildegunn.

    SvarSlett
  2. Kjekt å lese og sjå det du skriv om Sandsøya sidan eg delvis "bur" der sjølv

    SvarSlett