Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 23. juni 2015

Sommar i Nordvest. Juniblogg.


I dag er 23, juni og jonsokafta. 
På Haualeitet i Volda vart det feira med bål og moro 
for store og små jonsokbruder.


No har vi nådd midtsommar og solsnu,
men her på Sunnmøre har vi hatt den våtaste og kaldaste forsommaren
på mange tiår. Temperaturen har på det jamne vore pluss/minus 10 grader,
og sommarfølelsen er ikkje her.
Derfor vil eg prøve å skape litt sommarfølelse på bloggen. 
og startar med eit dikt av Claes Gill.


Sommeren vesterut.
Jeg vil dra opp og gå, og gå mot vest
for sommeren er sval der av linn blæst
og ingen steder lyser marken grønn

som der. For der er regn og sol, sol og regn
og stumme stille fjell og urgrå stein 
der tiden står og står som den stod still  

fra tidegry - inntil med ett: et skrik
av lom som letter ut en øde vik
lar ekko rulle fjæll i mellem, tungt

og vildt. Og der er ørn og hjort og mår,
og tropelys hvor revebjellen står
giftig skjønn. Og hvor er høyet krydret

søtt som der? - Ingen steder! Ingen klang
av sommersjø mot skjær og lukt av tang
som ut i vest - i dønningsus og tidevann.


Dette diktet av Claes Gill skildrar sommaren i nordvest  på ein presis måte.
Skiftande veir, skiftande natur. Vi er i diktet, høyrer havbårene, fugleskrika,
og ser for oss den grøne naturen.


Juni er lysaste månaden i året, og dette bildet er teke på Sandsøya
nær midnatt 20, juni.
Juni er også blomstringstid for mange stauder, buskar og tre.
Sesongen er kort, og det gjeld å ta inn alt det vakre
og gøyme det i minnet til mørkare tider.


Juni er syrinmånaden. Eg elskar syriner, lukt og fargar og blomsterklasane.
Desse bilda skal eg ta med meg inn i vinteren.


I gamle hagar finnst det mange stauder som kjem tilbake år etter år.
Her er akeleier, kjempekonvall og løytnantshjerter
som blomstrar no i juni.


Juni er også tid for blomstrande rhododendron.
Desse praktfulle buskene finnst i mange fargar, og trivst godt 
i vårt fuktige og kjølige klima.


I juni blomstrar også mange store tre,
som seinare på sommaren blir grøne og unnselige.


Her har vi kastanjeblomst, blomstrande prydeple
og eit blomstrande hagtorntre. Den gamle hagtornhekken blomstrar også.


To knallgule vekster som blomstrar i juni er Gullregn og Gyvel.
Gullregn er eit tre eller prydbusk med kort blomstringstid.
Den luktar godt, men allereide som barn lærde eg at den var svært giftig.
Gyvel er ein vanleg hagebusk på våre kantar på grunn av den praktfulle blomstringa.
I tidlegare tider vart den brukt som medisinplante.


Ridderspore og valmuer blomstrar villig i junihagane.
Dei finnst i fleire fargar, og i gamle hagar spreier dei seg overalt.
Mange betraktar ridderspore som ugras, 
men eg synest dei er utruleg dekorative.


Rabarbra høyrer til nyttevekstane som juni forsyner oss med.
Det seiest at rabarbra er best før jonsok,
så i dag 23. juni er ein perfekt dag for hausting.
Og kan ein grå junidag nyttast til noko betre enn å lage deilig rabarbrasyltetøy?


Eit vers av Ivar Åsen skal få avslutte bloggen i dag.
Han minner oss om at vi må leve i nuet, og nyte sommaren som den er.
La oss lagre lyset, fargane og luktene 
og ta minna frå junisommaren med oss inn i mørketida.

Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som bider,
eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein dag, då kvar ein Blom, som bider,
er fallen av; og slikt eit Fall er stort.
Di skal eg sjå på Blomen, fyrr han blaknar,
og nøyta Sumar`n, fyrr eg honom saknar.


Denne junimånaden har eg vore så heldig å få med meg
2 jonsokfeiringar og 2 jonsokbål.
Det blir gode minner i mørketida!

onsdag 17. juni 2015

Retroskattar frå klesskapa på øya.


Her ser vi litt av ein svart silkekjole pynta med gullpaljettar.
Paljettane blei sydde på kjolen med hand. Mykje arbeid, men resultatet vart vakkert.


Retrostilen hadde si glanstid i 1950- 60- og 70 åra,
og er no på veg tilbake både i klesstil og interiør.
Her er 2 heimesydde bomullskjolar  frå -50 åra.


Eg vaks opp på Sandsøya i -50 og -60 åra, 
og eg opplevde at både mamma Aslaug og venninnene hennar
var ganske motebevisste, 
sjølv om klesbutikkane var fråverande, og kjoletya vanskelege å få tak i.
Mi mor hadde iallfall ei ganske variert garderobe, 
som det framleis finns restar av i klesskapa på øya.
Her er 2 heimesydde kjolar, ein i fint gabardinstoff og den andre i tynt ullstoff.


I kvar heim fannst det minst ein symaskin.
Omtrent alle kvinnene kunne sy klede til borna og kanskje til seg sjølve også.
Her er symaskina til tante Anna, som eg fekk prøve rett som det var.
På bildet er også nokre barnesmekker som mamma Aslaug har sydd.


På bildet ser vi ein av finkjolane til mamma Aslaug. 
Den er sydd av Hjørdis, og er veldig fin og forseggjord.
På øya var det 3 flinke sydamer i min barndom.
Det var Hjørdis, Marit og Signe, og dei sydde det meste av klede til store og små.
Hjørdis hadde vore på systove i Trondheim,
og det artigaste eg visste var å bli med mor mi til henne.
Vi tok oss god tid til å blade i motejournalar,
og det rare var at dei ferdige kjolane eller kåpene
blei like fine som på bilda!


Mi eldste søster Marit flytta frå øya i -50 åra.
Når ho kom heim på besøk, hadde ho på seg kjolar som var kjøpt i butikk.
Her er 2 av hennar kjolar som heng att i klesskapa på øya.


Her er bilder av meg i -50 åra.
Begge kjolane er heimesydde, den øverste av mamma Aslaug
og den nederste av ei av sydamene.
Desse kjolane finnst ikkje meir. Barneklede vart som regel arva av mindre syskjen
eller gitt bort til slektningar.


Men eit klesplagg frå barndommen har eg teke vare på som ein skatt.
Det er eit ferdigkjøpt silkeskjørt som eg fekk i julegåve av storesyster Marit.
Eg hugsar enno kor stolt eg var når eg gjekk rundt juletredet på juletrefesten på Fiskarheimen.
Då følte eg meg virkeleg som ei prinsesse!
Her er Eva mannekeng, og eg er hennar mormor. 


Ein annan kjole som er bevart frå min ungdom, er andredags konfirmasjonskjolen min.
Den er sydd av ei av sydamene. og er i turkis ripssilkestoff.
Eg og mamma Aslaug var i Ålesund og kjøpte konfirmasjonsutstyr til meg,
og eg hugsar eg fekk velge kjolestoffet sjølv. 


Desse 2 kjolane får representere -70 åra.
Kjole nr. 2 er ein typisk kripelinekjole.
Krimpelinestoffa hadde si glanstid i denne perioden, og var svært populære.
Det var fargerike og hardføre stoff som ikkje krølla.
Kjole nr. 1 er ein kort kort silkebrokadekjole.
Dei lårkorte kjolane var moderne i -70 åra.
Eg var ung i denne perioden, Eg elska desse kjolane og følte meg vel i dei.
Kanskje nokon hugsar gabardin slengbuksene også?


Desse kjolane skulle helst ha vore vist fram av levande mannekengar.
Men dei har likevel si historie å fortelje.
Dei har vore mykje brukt, og vore med både i sorg og glede.
Både eg sjølv og døtrene mine har brukt kleda flittig,
og retrokåpene til mamma Aslaug er omtrent utslitne
Eg hugsar mor mi som ei fin og stilig dame som likte å pynte seg.
Ho gjorde forskjel på helg og kvardag, og pynta seg når ho skulle
på butikken eller på besøk til andre.


I huset har vi fleire hattar, sko og vesker som høyrer til kjolane.
Men denne gongen får det vere dei som spelar hovudrolla.