Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 17. juni 2015

Retroskattar frå klesskapa på øya.


Her ser vi litt av ein svart silkekjole pynta med gullpaljettar.
Paljettane blei sydde på kjolen med hand. Mykje arbeid, men resultatet vart vakkert.


Retrostilen hadde si glanstid i 1950- 60- og 70 åra,
og er no på veg tilbake både i klesstil og interiør.
Her er 2 heimesydde bomullskjolar  frå -50 åra.


Eg vaks opp på Sandsøya i -50 og -60 åra, 
og eg opplevde at både mamma Aslaug og venninnene hennar
var ganske motebevisste, 
sjølv om klesbutikkane var fråverande, og kjoletya vanskelege å få tak i.
Mi mor hadde iallfall ei ganske variert garderobe, 
som det framleis finns restar av i klesskapa på øya.
Her er 2 heimesydde kjolar, ein i fint gabardinstoff og den andre i tynt ullstoff.


I kvar heim fannst det minst ein symaskin.
Omtrent alle kvinnene kunne sy klede til borna og kanskje til seg sjølve også.
Her er symaskina til tante Anna, som eg fekk prøve rett som det var.
På bildet er også nokre barnesmekker som mamma Aslaug har sydd.


På bildet ser vi ein av finkjolane til mamma Aslaug. 
Den er sydd av Hjørdis, og er veldig fin og forseggjord.
På øya var det 3 flinke sydamer i min barndom.
Det var Hjørdis, Marit og Signe, og dei sydde det meste av klede til store og små.
Hjørdis hadde vore på systove i Trondheim,
og det artigaste eg visste var å bli med mor mi til henne.
Vi tok oss god tid til å blade i motejournalar,
og det rare var at dei ferdige kjolane eller kåpene
blei like fine som på bilda!


Mi eldste søster Marit flytta frå øya i -50 åra.
Når ho kom heim på besøk, hadde ho på seg kjolar som var kjøpt i butikk.
Her er 2 av hennar kjolar som heng att i klesskapa på øya.


Her er bilder av meg i -50 åra.
Begge kjolane er heimesydde, den øverste av mamma Aslaug
og den nederste av ei av sydamene.
Desse kjolane finnst ikkje meir. Barneklede vart som regel arva av mindre syskjen
eller gitt bort til slektningar.


Men eit klesplagg frå barndommen har eg teke vare på som ein skatt.
Det er eit ferdigkjøpt silkeskjørt som eg fekk i julegåve av storesyster Marit.
Eg hugsar enno kor stolt eg var når eg gjekk rundt juletredet på juletrefesten på Fiskarheimen.
Då følte eg meg virkeleg som ei prinsesse!
Her er Eva mannekeng, og eg er hennar mormor. 


Ein annan kjole som er bevart frå min ungdom, er andredags konfirmasjonskjolen min.
Den er sydd av ei av sydamene. og er i turkis ripssilkestoff.
Eg og mamma Aslaug var i Ålesund og kjøpte konfirmasjonsutstyr til meg,
og eg hugsar eg fekk velge kjolestoffet sjølv. 


Desse 2 kjolane får representere -70 åra.
Kjole nr. 2 er ein typisk kripelinekjole.
Krimpelinestoffa hadde si glanstid i denne perioden, og var svært populære.
Det var fargerike og hardføre stoff som ikkje krølla.
Kjole nr. 1 er ein kort kort silkebrokadekjole.
Dei lårkorte kjolane var moderne i -70 åra.
Eg var ung i denne perioden, Eg elska desse kjolane og følte meg vel i dei.
Kanskje nokon hugsar gabardin slengbuksene også?


Desse kjolane skulle helst ha vore vist fram av levande mannekengar.
Men dei har likevel si historie å fortelje.
Dei har vore mykje brukt, og vore med både i sorg og glede.
Både eg sjølv og døtrene mine har brukt kleda flittig,
og retrokåpene til mamma Aslaug er omtrent utslitne
Eg hugsar mor mi som ei fin og stilig dame som likte å pynte seg.
Ho gjorde forskjel på helg og kvardag, og pynta seg når ho skulle
på butikken eller på besøk til andre.


I huset har vi fleire hattar, sko og vesker som høyrer til kjolane.
Men denne gongen får det vere dei som spelar hovudrolla.

6 kommentarer:

  1. Fantastisk å lese, Anne Lise. Har jo, som du vet, hørt av svigermor mi, at mora di var ei stiiiilig dame, og det tror jeg på!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentaren Bjørg. Du har greidd det dei fleste andre ikkje greier, nemlig å legge inn kommentarar.

      Slett
  2. Både interessant og flott Anne Lise

    SvarSlett
  3. Takk Oddny. Flott at du greidde å legge inn ein kommentar.

    SvarSlett
  4. Med påhalden penn og støttekontakt så greide eg iallefall å skrive test. Eg synes bloggen din både er kjekk å lese og for meg får det fram mange minner- Eg gled meg allerede til neste innlegg.

    SvarSlett
  5. Takk for tilbakemleldinga Astrid! Det er så kjekt å få kommentar på det eg skriv.

    SvarSlett