Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 30. juli 2015

Juli sommar blogg.


30. juli og regn og skodde over Volda.
Temperaturen var 11 grader denne morgonen.


Dårlegaste sommaren i manns minne blir det sagt.
Kva det betyr veit eg ikkje sikkert.
Men eg høyrde ein som sa at ein
så dårleg sommar hadde vi ikkje hatt på våre kantar sidan 1952!


Men juli er så mykje meir enn dårleg veir.
Det er lange lyse dagar, sommarhimmel med drivande skyer
og skjeldne solnedgangar der vi som bur på kysten
kan sjå sola forsvinne i havet.


Og ikkje minst, naturen er vakker 
og går sin gang uavhengig av veret.


På Sandsøya blei slåtten tatt i juli i år
på grunn av den kalde forsommaren.
Den foregår både på gamle- og nyemåten.



Juli er rosene sin månad.
i hagane i Volda og på øya blomstrer rosentreda,
dei trossar vind og regn
og skuffar oss ikkje eit einaste år.



I juli har eg vore på ein liten sommartur
med vikingsskipet og fredsskipet Embla.
Eg har vore med i Siftinga Embla frå skipet vart sjøsett i 1994.
Det har vore ei eventyrleg reise, som eg kan fortelje meir om 
ein annan gong.


Denne gongen deltok Embla på Seljumannamesse
på øya Selja søndag 5. juni.
Vi kom til Selje fredag 3. juni, rigga båten,
og var klare til øving på Selja laurdag 4. juni.
Vi rodde frå Selje, der vi møte Olavsmennene frå Telemark som rodde eit anna vikingskip.
På Selja øvde i lag med dei  på programmet vi skulle framføre på Seljumannastemnet på søndag.
Vi rodde tilbake til Selje om kvelden, og møtte dønningar og straum på tilbakevegen.
Men vi er røynde roarar no, så det gjekk greit.


Tidleg søndag morgon rodde vi over til Selja igjen.
Mykje folk kom til øya for å vere med på Seljumannastemnet, og
vi hadde framføring av eit program om då Heilag Olav steig i land på Selja
saman med Olavsmennene.
Så gjekk vi først i prosesjonen saman med Olavsmennene
på pilgrimsstien over øya til klosteret, 
og var med på Gudstenesta der.


Vi gjekk same vegen tilbake, rodde tilbake til Selje, 
og gjorde Embla klar for transport tilbake til Bjørkedalen.


Så forlet vi Selje og Santa Sunniva etter ei fin og slitsam helg.
Heldigvis hadde veret vore fint!



22.juli var nokre av Emblakvinnene ein tur på Bjørkedalen
for å sjå til Emblaskipet vårt.


Embla har basen og naustet sitt på Bjørkedalen,
og ligg på Bjørkedalsvatnet når ho ikkje er på oppdrag.
Emblakvinnene utfører alt tilsyn og vedlikehald av båten,
blant  anna må ho lensast ofte denne regnsommaren.


-----------------------------


15. ORGELSOMMAR I SANDE.
Sandsøya er kjend for orgelsommarkonsertane sine,
og folk finn vegen hit både for å nyte musikken og den vakre nauren.


12. juli var eg så heldig å få høyre The Brazz Brothers spele jazzkonsert
i ei fullsett Sande kyrkje. Eit av sommarens høgdepunkt for alle som var tilstades!


Nedanfor kyrkja ligg Kyrkjesanden, Sandsøyas finaste badestrand.
Den kan konkurrere med dei beste sydenstrender
i alt anna enn temperaturen!


Dette var nokre glimt frå ein kald og regnfull julimånad.
Men når vi får den litt på avstand,
vil vi hugse dei vakre solglimta og dei kjekke stundene.


Ein vikig del av sommaren er å treffe slekt og venner
og ha det kjekt sosialt.
Eit vers eg skreiv til eit søskenbarn som kvart år kjem på besøk frå Oslo,
beskriv dette godt:
Slekta, tanter, onklar batt oss saman.
Nordavind og skodde likeså.
Sommaren var ofte grå og råkald,
men vi minnast sol og himmel blå!


Og med bilde av Hylletredet ved lødeveggen i Fredly
sluttar denne julibloggen.

tirsdag 7. juli 2015

Venninnetur til nabofylket Sogn og Fjordane.


Sommaren er tida for ferie og nye opplevingar.
Men ein treng ikkje å dra så langt for å oppleve noko nytt.
og ikkje treng det å ta så lang tid heller.


Tysdag 30. juni hadde 2 venninner og eg ein fin feriedag.
Vi reiste frå Volda med ferge kl. 8.30, og målet for turen 
var å besøke Fjærland i Sogndal kommune.


Fjærland er kjend for Norsk Bremuseum, den norske bokbyen 
og Mundal hotell frå 1891.
Vi hadde  tenkt å besøke bokbyen. Vi hadde rydda i bokhyllene våre,
og vi hadde med fleire nett med bøker 
som vi leverte på mottaket på kaia.


Den norske bokbyen i Fjærland sel bruktbøker i alle kategoriar,
for alle interesser, og frå eit titals særprega utsal.
Eg hadde ikkje besøkt bokbyen før, og vart mektig imponert. 
                  Både over alle bøkene, dei vakre husa og den fantastiske naturen.



Vi starta bokvandringa på kaia, og sidan bokbyen reklamerer med
at dei har 4 kilometer bøker til sals, er det forståeleg at vi opplevde
valgets kval undervegs.


Vandringa i seg sjølv var ei glede, 
som best kan beskrivast gjennom bilda frå turen.


Det var bøker ute og bøker inne,
og artige detaljar møtte oss  overalt.


På spørsmål om kor mange bøker som fannst i bokbyen,
svara ein som jobba i eit antikvariat at det nok dreia seg om 
ca 200 000 bøker! Ikkje rart at vi hadde vanskar med å avslutte rusleturen vår!




Men så måtte vi ha kaffipause, og den tok vi i kafeen på Mundal Hotel.
Hotellet, som er ei arkitektonisk perle, stod ferdig i 1891, og gjestane var for det meste
rike utanlandske turistar og fjellvandrarar.
Som så mange andre hotell frå den tida har hotellet vore prega av forfall,
men har no fått nye eigarar og ny giv.


Ostekaka var god, og inventar og utsikt frå kafeen
var fantastisk.


På heimvegen tok vi eit stopp ved Bøyabreen.
Vi måtte beundre kor flott Brevasshytta var plassert i terenget.


Neste stopp var Astruptunet på sørsida av Jølstervatnet.
Her var heimen til målaren Nikolai Astrup, fødd 1880.
Han budde i Jølster mesteparten av livet sitt,
og døde her i 1919, 42 år gammal.


Øverst ser vi den unge Nikolai Astrup saman med faren
Christian Astrup som var prest i Jølster.
Nikolai Astrup var ein av dei viktigaste bildekunstnarane i Norge
i tida omkring 1900.


Bilda til Nikolai Astrup er særprega bilde med ein spesiell
mystikk og eit spesielt symbolinnhald.
Han fann som oftast motiva til bilda sine frå 
naturen og folkelivet i Jølster.

Husa i Astruptunet er i dag opne for publikum, 
og blir tekne vare på av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.


Frå Astruptunet køyrde vi over Utvikfjellet, 
og sidan vi ikkje hadde teke oss tid til mapausar på denne turen,
tok vi oss eit skikkeleg matstopp på hotel Alexandra i Loen.
Så då vi om kvelden kryssa grensa til Møre og Romsdal igjen.
var vi mette og glade og mange opplevingar rikare,