Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 7. juli 2015

Venninnetur til nabofylket Sogn og Fjordane.


Sommaren er tida for ferie og nye opplevingar.
Men ein treng ikkje å dra så langt for å oppleve noko nytt.
og ikkje treng det å ta så lang tid heller.


Tysdag 30. juni hadde 2 venninner og eg ein fin feriedag.
Vi reiste frå Volda med ferge kl. 8.30, og målet for turen 
var å besøke Fjærland i Sogndal kommune.


Fjærland er kjend for Norsk Bremuseum, den norske bokbyen 
og Mundal hotell frå 1891.
Vi hadde  tenkt å besøke bokbyen. Vi hadde rydda i bokhyllene våre,
og vi hadde med fleire nett med bøker 
som vi leverte på mottaket på kaia.


Den norske bokbyen i Fjærland sel bruktbøker i alle kategoriar,
for alle interesser, og frå eit titals særprega utsal.
Eg hadde ikkje besøkt bokbyen før, og vart mektig imponert. 
                  Både over alle bøkene, dei vakre husa og den fantastiske naturen.



Vi starta bokvandringa på kaia, og sidan bokbyen reklamerer med
at dei har 4 kilometer bøker til sals, er det forståeleg at vi opplevde
valgets kval undervegs.


Vandringa i seg sjølv var ei glede, 
som best kan beskrivast gjennom bilda frå turen.


Det var bøker ute og bøker inne,
og artige detaljar møtte oss  overalt.


På spørsmål om kor mange bøker som fannst i bokbyen,
svara ein som jobba i eit antikvariat at det nok dreia seg om 
ca 200 000 bøker! Ikkje rart at vi hadde vanskar med å avslutte rusleturen vår!




Men så måtte vi ha kaffipause, og den tok vi i kafeen på Mundal Hotel.
Hotellet, som er ei arkitektonisk perle, stod ferdig i 1891, og gjestane var for det meste
rike utanlandske turistar og fjellvandrarar.
Som så mange andre hotell frå den tida har hotellet vore prega av forfall,
men har no fått nye eigarar og ny giv.


Ostekaka var god, og inventar og utsikt frå kafeen
var fantastisk.


På heimvegen tok vi eit stopp ved Bøyabreen.
Vi måtte beundre kor flott Brevasshytta var plassert i terenget.


Neste stopp var Astruptunet på sørsida av Jølstervatnet.
Her var heimen til målaren Nikolai Astrup, fødd 1880.
Han budde i Jølster mesteparten av livet sitt,
og døde her i 1919, 42 år gammal.


Øverst ser vi den unge Nikolai Astrup saman med faren
Christian Astrup som var prest i Jølster.
Nikolai Astrup var ein av dei viktigaste bildekunstnarane i Norge
i tida omkring 1900.


Bilda til Nikolai Astrup er særprega bilde med ein spesiell
mystikk og eit spesielt symbolinnhald.
Han fann som oftast motiva til bilda sine frå 
naturen og folkelivet i Jølster.

Husa i Astruptunet er i dag opne for publikum, 
og blir tekne vare på av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.


Frå Astruptunet køyrde vi over Utvikfjellet, 
og sidan vi ikkje hadde teke oss tid til mapausar på denne turen,
tok vi oss eit skikkeleg matstopp på hotel Alexandra i Loen.
Så då vi om kvelden kryssa grensa til Møre og Romsdal igjen.
var vi mette og glade og mange opplevingar rikare,


1 kommentar: