I september kjem hausten snikande.
Dag og natt har blitt like lange,
og vi kan oppleve fløyelsesmørke, milde og fine kveldar
der månen dansar bak skyene.
Rognebærtreda er fulle av bær.
Betyr det mykje snø skal tru?
Lufta er klar i september.
Fargar og lys og fjella sine konturar kjem ekstra godt fram.
Det er stilt på hamna. Hekkesesongen er over,
og Tjeld og Måse har teke seg fri.
I hagen min er hauststaudene på sitt finaste.
Haustfloks, reinfann og naken jomfru
er lite kravstore, og blomstrar rikeleg kvart år.
Horensia er yndlingsblomsten min,
og eg har mange blomstrande hortensiaer i hagen.
Dei trivst i det milde og fuktige klimaet,
og ovevintrar ute utan problem.
Blomstrane i steinbedda skifter i løpet av sesongen,
men i september ser dei slik ut.
Og eg har blomster i gryter,
kasser og spann.
Den siste rosa.
Ei einsleg rose står att
og blomstrar forsiktig i hagen min.
Eg avsluttar denne septemberbloggen
med eit bilde frå bestefartunet i Fredly.
11 born, deriblant min kjære far Kaspar,
har vakse opp her.