Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 30. september 2015

Sandsøya under septemberhimmel.


I september kjem hausten snikande.
Dag og natt har blitt like lange,
og vi kan oppleve fløyelsesmørke, milde og fine kveldar
der månen dansar bak skyene.


Rognebærtreda er fulle av bær.
Betyr det mykje snø skal tru?


Lufta er klar i september. 
Fargar og lys og fjella sine konturar kjem ekstra godt fram.


Det er stilt på hamna. Hekkesesongen er over,
og Tjeld og Måse har teke seg fri.


I hagen min er hauststaudene på sitt finaste.
Haustfloks, reinfann og naken jomfru
er lite kravstore, og blomstrar rikeleg kvart år.


Horensia er yndlingsblomsten min,
og eg har mange blomstrande hortensiaer i hagen.
Dei trivst i det milde og fuktige klimaet,
og ovevintrar ute utan problem.


Blomstrane i steinbedda skifter i løpet av sesongen,
men i september ser dei slik ut.


Og eg har blomster i gryter,
kasser og spann.



Den siste rosa.
Ei einsleg rose står att 
og blomstrar forsiktig i hagen min.


Eg avsluttar denne septemberbloggen
med eit bilde frå bestefartunet i Fredly.
11 born, deriblant min kjære far Kaspar,
har vakse opp her.

4 kommentarer:

  1. Bilete og tekst
    vakkert bunde saman
    til blømande poesi!
    Nydeleg, Anne Lise!

    Eg gler meg til å lese - og sjå meir!
    Du er så flink!
    Klem frå Gerd

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er jamen kjempeflink som fekk til å skrive kommentar! Tusen takk!

      Slett
  2. Koselig å lese og se. Må dit en gang til! Lenge siden sist.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar. Du er velkomen når som helst.

      Slett