Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

fredag 6. november 2015

Nokre glimt frå ein dag i november.


6. november har vore ein fin haustdag i Volda.


Mine yndlingsstauder Hortensiane
blomstrar frodig ved husveggen i Seljebakken.


Ikkje rart at uteplantane er fine i år.
Hittil har temperaturen i november vore
mellom 10 og 17 varmegrader kvar dag.


Skulle tru vi var i Syden
og ikkje på Sunnmøre!


Dagens høgdepunkt var kafebesøk med Eirik,
som fyller 8 år i dag.


Eg var også på ei inspeksjonsrunde til Gamlegymnaset,
for å sjå korleis det går med restaureringsarbeidet der.
Vil du vite meir om historia til dette vakre huset, 
kan du gå inn på facebooksida mi
"Ta vare på Gamlegymnaset i Volda."



Dagen vart avslutta med ein liten kveldstur
i haustmørkret.


Då eg kom heim klokka 21.30 var utetemperaturen 
på gradestokken min 15 varmegrader.
Slå den!



1 kommentar:

  1. Hei Anne Lise!
    Kjekt å sjå alle dei vakre blomane du omgir deg med, og å betrakte kreativiteten din! No sit eg her midt i svarte natta og kosar meg over orda og bileta dine! Har det med både å legge meg seint og sove litt "fort", og når eg då vaknar så altfor tidleg, hjelper det å vere oppe ei stund før eg igjen inntek horisontalen. Kor heldig er eg ikkje då, som finn ein triveleg og vakker blogg å lese! Eg høyrer at regnet trommar på ruta, og gler meg over at eg kan få legge meg under ei varm dyne igjen om ei lita stund! Slikt må ein vel kunne kalle individuelt tilpassa opplegg!

    Natthelsing til deg- og ein god klem

    Gerd

    SvarSlett