Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 26. februar 2015

Vegen tilbake.

Vegen tilbake.

Det var uventa at starten på det nye året skulle bli så tøff. Det verste for meg var at det var så vanskeleg å snakke. Eg måtte bruke mykje energi for å få til å uttale orda, og nokre lydar blei feil, fordi musklaturen på høgresida av munnen var slapp.
Eg er vanligvis veldig glad i å snakke, og no opplevde eg å måtte sitte taus i samtalar fordi eg ikkje greidde å formulere orda og tankane fort nok.
Dette var for meg ein skremmande opplevelse, og eg bestemte meg veldig fort for at eg ville tilbake til slik eg var før, der eg kunne snakke fort og mykje.

Merkeleg nok var eg aldri i tvil om at eg skulle greie det, det var berre eit spørsmål om kor fort det ville gå. Men eg er ganske utålmodig, så eg ville det skulle skje veldig fort.

Å ja, no 2 månader etter hjerneslaget kan eg snakke fort og mykje igjen, og tydeleg også. Dei som ikkje veit at eg har hatt slag, merkar ikkje noko før eg fortel om det.
Eg har teke alle metoder i bruk for å klare det så fort. Det viktigaste trur eg er at eg har brukt språket veldig mykje. Eg har kasta meg ut i samtalar, og på ein måte kopla ut den kritiske delen av hjernen.
Formuleringsevnen har gradvis kome tilbake, og tydeleg uttale av orda er på plass.

Det ligg sjølvsagt ein del formell trening i botnen. Eg har hatt hjelp av logoped, 3 timar var nok.
Eg har lasta ned artikulasjonsprogram på nettbrettet, massert ansiktet, tygd mykje tyggegummi, og ein del andre lure ting.
Men det viktigastee er ikkje å vere redd for å snakke. Språket er ei gåve, som det er verd å kjempe for. Finmotorikken har også blit betre. Eg kan skrive bra tydeleg igjen, her hjelper det også å øve seg. Eg trener på treningsstudio hos fysioterapeut, og kroppen og balansen har blitt  bedre etterkvart.

Så for meg har dette vore ei solskinshistorie så langt. Det har også vore ei utfordring, men eg har merka framgang heile tida, og det har gitt motivasjon til å stå på vidare.

No tek eg ein pause frå bloggen ei vekes tid. Eg skal på ferie til Marokko, og gler meg til å fortelje om  turen når eg kjem tilbake igjen.
Her er eit bilete av meg slik eg ser ut i dag.

2 kommentarer:

  1. Hei Anne - Lise, kjekt å sjå at du har fått til bloggen som du har ønskt deg. Skal verte kjekt å følge med vidare - ikkje minst å sjå kor du har hatt det i Marokko😊

    SvarSlett
  2. Så flott at du har starta eigen blogg, mamma! Eg er stolt av at du er så uredd i alle situasjonar. Klem frå Ingvild.

    SvarSlett