Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

fredag 13. mars 2015

Ferie i Marokko.

Ferie i Marokko.


Eg har vore på rundtur i Marokko frå 28. februar til 8. mars 2015.  Reiseruta var:
Marrakech, Meknes, Fes, Rabat, Casablanca, Essaouira og tilbake til Marrakech

Landsbygda sett frå bussen. Grønt og fint overalt.

Det var ei fantastisk reise gjennom eit grønt og grøderikt land. Der blir dyrka masse frukt, grønnsaker, roser og kveitemjøl bla. Åkrar, olivenplantasjar, frukttre og saue- og geiteflokkar ser ein overalt langs vegen. Eselkjerrer er det også overalt, for på landsbygda er eselet transportmiddel og trekkdyr nummer 1.
I mars kjem våren til Marokko. Det er fin temperatur, og masse ville blomster og blomstrande frukttre overalt. Dette er ei fin tid å vere turist i landet.

Fakta om Marokko:
Marokko er eit monarki, og har ca 33 millionar innbyggjarar. Av desse er halvparten under 22 år, og halvparten av desse igjen er arbeidsledige. 60 % av befolkninga bur på landsbygda, men halvparten av desse pendlar på jobb til byane. 35 % av arbeidsstokken er kvinner. 3,5 millionar marokkanarar arbeider i utlandet. 98 % av befolkninga er sunnimuslimar.
Sjølvsagt har landet store utfordringar, men likevel virkar vanlege folk fornøgde og optimistiske.
Eit synleg bevis på dette er den store byggevirksomheita overalt i landet, også på landsbygda. Ein kan sjå nye byggeprosjekt og uferdige hus absolutt overalt i Marokko.

Vi hadde ei fantastisk guide med oss på turen. Det var svenske Maria, som hadde budd i Marokko i over 20 år. Ho var gift med ein marokkanar, og hadde mange venner og slektningar overalt i landet.
Ho delte villig sin allsidige kunnskap med oss, og dei faktaopplysningane eg kjem med her, har eg fått frå henne.

Afrikas kvite lilje og ville ringblomster kunne vi sjå overalt på landsbygda.     
   
Storkepar kunne vi også sjå overalt langs vegen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar