Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

fredag 20. mars 2015

Marrakech.

Marrakech.

Då vi landa på flyplassen i Marrakech, vart eg veldig overaska over synet som møtte oss.
Eg hadde ikkje venta at byen skulle vere omgitt av mektige, snødekte fjell, men det var akkurat det den var. Marrakech, som har ca 1 million innbyggjarar, ligg ved foten av Atlasfjella, ei fjellkjede som går gjennom Marokko, Algerie og Tunisia.

Når vi er i Marrakech, må vi sjølvsagt besøkje  Jemaa el-Fna, som står på Unescos verdsarvliste, og er eit av kjenneteikna på byen. Jemaa el-Fna er ein stor åpen plass med eit yrande folkeliv som det er vanskeleg å finne maken til. Ei blanding av fargar, lukter, musikk, slangetemmarar, tamme aper, hestedrosjer, tryllekunstnarar og alle slags gateseljarar, set oss tilbake til stemninga i eventyra i 1001 natt. Kvar ettermiddag blir delar av plassen gjort om til eit utendørs kafeområde. Kafeeane blir trilla inn, sett opp i ein fart og med stor presisjon, kolgrillane blir tende, og snart er heile plassen innhylla i fantastiske lukter, og nydeleg fargerik mat blir trylla fram.


Kafèar på Djema-el-Fna plassen
Aischa bak grytene

Maten vi bestilte var deilig Couscous.

Vi tok sjansen på kafe nr. 1, eigd av driftige Ascha, som sjølv stod bak grytene og organiserte dei mange medarbeidarane sine.  Eg kan føye til her at vi smakte på allslags mat i Marokko, og ingen i reiseselskapet vårt vart sjuke.

Dette var litt av det vi såg under ein fottur i basarane:

På jobb i verkstaden.
Deilige oliven og glaserte sitronar.



Besøk i butikk der vi fekk kjøpe alt frå krydder til
 snorkemiddel og sovemedesin.
Keramikkbutikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar