Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 21. april 2015

Søndag 19. april, ein fin vårdag på øya.


Ein vårdag på øya.

Våren kjem tidleg her ute. 
Vintrane er milde, og mykje regn gjer at nytt liv sprett fram overalt.
Påskeliljer og tulipaner blomstrar i sola, og bjørkene og lerken har blitt grøne alt.
Ein ny hagesesong har begynt, og eg har funne fram trillebåra, som er min faste følgesvenn  
frå tidleg i  april til seint i oktober. Trillebåra hjelper meg til å realisere mange hageprosjekt,
ikkje minst frakting av steinar.
 Eg har blitt ein steinsamlar, og å leite etter passande steinar til bruk i hagen
er noko av det artigaste eg veit.



Gullripsbusken.


Gullripsbusken er det treet som blomstrar først i hagen om våren.
Lukta er intens, og minner meg om mine barndoms vårar.
Vi fekk ikkje lov til å ha gullrips i vasar inne, 
fordi lukta blei for skarp. 

Klestørk.


Det er kjekt å vaske klede på øya, for klestørken er som regel perfekt.
Sidan vi ligg like nord for Stadt, bles her på det jamne 
frisk bris eller liten kuling, og ofte meir.
Men stormane gjer sjelden stor skade, 
for naturen og bygningane ser ut til å ha tilpassa seg det meste.

Nytt prosjekt.


Dette blomsterbeddet starta eg på i fjor,
og det har endå ikkje funne si form.
Spennande å sjå korleis det utviklar seg i løpet av sesongen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar