Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

mandag 20. april 2015

Sandsøya,ei perle på ytre søre Sunnmøre.




Sandsøya, ei perle vest i havet.

Næraste nabo i vest er Norskehavet, i aust har vi Gurskøya, i nord Skorpa og Nerlandsøya og på sørsida av øya har vi Kvamsøya og Stadtlandet med Vestkapp.
I dag er det ca 250 fastbuande på øya, men med hyttefolk og turistar aukar folketalet  både
vinter og sommar.

Eg er så heldig å vere fødd og oppvaksen på denne øya, og eg har framleis barndomsheimen min her.
Rett nok bur eg her ikkje fast, men huset er her, og no som eg er pensjonist, kan eg vere her ganske ofte. Eg føler eg er priviligert som har røtene mine her ute ved havet, og  
når eg er her, føler eg at dette er min stad på jorda. Huset er fullt av historie frå barndom og ungdomsår, og litt om livet på øya, i notid og fortid, vil eg skrive om her på bloggen. 

2 kommentarer:

  1. Gled meg til å lese det du skriv om Sandsøya Anne Lise

    SvarSlett
    Svar
    1. Fiott at du fekk til å kommentere Oddny! Eg skal nok skrive fleire innlegg frå øya, det er nok av stoff å ta av.

      Slett