Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

fredag 27. november 2015

November mørk og grå.


November er ofte mørk og grå,
men lyset er spesielt -
særleg ute i havgapet
på yre søre Sunnmøre.


Her nærmar vi oss øya 
som ligg og vippar mellom himmel og hav.


Det er 22. november,
den første snøen er komen,
og vi er definitivt inne i vinterhalvåret.


Men den blå hortensiaen har ikkje tenkt å gi opp så lett.
Den tittar optimistisk fram under snøen.

 

Og inne er novemberkaktusane i rute.
Dei trivst i mørketida,
og lyser opp med fargerike blomster.


No er det vinterfargane og vinterlyset
som pregar landskapet på øya.


Desse bilda får meg til å tenkje på 
ein førjulssong som vi alltid brukte å synge
i min barndom.
Songen er frå 1912, og er i bruk den dag i dag.

Første verset er slik:
Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer.
Allting ligg i lengt og drøymer.


Natta er mørk,
men månen tittar av og til fram frå skyene.


Det er ein stor ring rundt månen.
Det betyr visst at det kjem meir snø?

søndag 8. november 2015

Seinhaustsøndag på Sandsøya.


Søndag 8. november er ikkje trist og grå,
men fargerik og blomstrande.


Naturen førebur seg på vinter og bjørka står naken.
Men fargane og lyset er fine.


Novemberhimmelen skifter fort ute ved havet.
Vi har sol og skyer og endåtil ein regnboge,
men regner gjer det ikkje.


Ein kort søndagstur med himmel og hav
på alle kantar.


Søstrene sisters nyt
novembersøndagen på  øya.


Vi som har tilknytning til huset på øya,
er alle glade i kattar.
Vi gir mat til villkatten vår,
og har endåtil ein katt som passar på inngangsdøra.


Haustfargane møter oss også
når vi tittar ut gjennom vindua på loftet.


Lyset blir blåare, 
og heimturen nærmar seg.


Fordelen med ei øy,
er at det ikkje går an å forlate den utan å ha 
ein båt til disposisjon.
På vår øy er vi heilt avhengige av 
at bilferga Kvam passar rutetidene sine.


Snart kan vi sjå at øya forsvinn
i horisonten.

Og etter at vi var reist,
bles det opp til storm.

fredag 6. november 2015

Nokre glimt frå ein dag i november.


6. november har vore ein fin haustdag i Volda.


Mine yndlingsstauder Hortensiane
blomstrar frodig ved husveggen i Seljebakken.


Ikkje rart at uteplantane er fine i år.
Hittil har temperaturen i november vore
mellom 10 og 17 varmegrader kvar dag.


Skulle tru vi var i Syden
og ikkje på Sunnmøre!


Dagens høgdepunkt var kafebesøk med Eirik,
som fyller 8 år i dag.


Eg var også på ei inspeksjonsrunde til Gamlegymnaset,
for å sjå korleis det går med restaureringsarbeidet der.
Vil du vite meir om historia til dette vakre huset, 
kan du gå inn på facebooksida mi
"Ta vare på Gamlegymnaset i Volda."



Dagen vart avslutta med ein liten kveldstur
i haustmørkret.


Då eg kom heim klokka 21.30 var utetemperaturen 
på gradestokken min 15 varmegrader.
Slå den!