Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 23. desember 2015

Juleblogg.


Den storstilte forteljinga i Bibelen om Jesu fødsel,
slik ho er fortald i evangelia etter Lukas og Matteus,
har vore til inspirasjon for mange av dei store målarstykka
vi finn rundt om i den kristne verda.
Kor mange kunstverk som framstiller 
Jesusbarnet og og Jesu mor jomfru Maria,
er det ingen som har oversikt over, 
men det er utan tvil det viktigste motivet i den religiøse kunsten.


I sommar besøkte eg den italienske byen Urbino,
som ligg i regionen Marche.
Det er ein flott renessanseby som er på Unescos verdsarvliste
på grunn av sin renessansekunst og arkitektur.
Hertug Frederico Montefeltro (1422-1482) bygde eit plass her,
fullt av kostbar kunst og måleri.



I dag held Galleria Nazionale delle Marche til i dette palasset,
og eg var så heldig å få sjå meg rundt i galleriet.
Eg fotograferte nokre av bileta som hadde motivet
Madonna og Jesusbarnet.
Bileta var veldig forskjellige og veldig vakre,
og eg synest det passar godt å vise dei fram her
no ved juletide.

















Desse bilda er frå eit lite galleri i Urbino,
men dei viser tydeleg at kunstnarar til alle tider
har late seg inspirere 
av historia om det gåtefulle Jesusbarnet og Jomfru Maria.

GLEDELEG JUL TIL ALLE
SOM TITTAR INNOM BLOGGEN MIN!






søndag 6. desember 2015

6. desember, 2. søndag i advent, og kakebakst på øya.



Advent på øya er ei tid for minner
og tradisjonar.
Den gamle nissen må lyse
i adventstida i desember.


Når eg skal bake småkaker til jul,
er det nokre kriterier som må oppfyllast:
 Kakene må smake godt,
dei må vere lette å lage,
og dei må aldri bli mislykka.
I dag har eg laga 2 sortar som oppfyller desse krava,
og eg deler gjerne oppskriftene her.


Nøtteroser.
3 eggekvitar, som du piskar stive.
200 g malte nøtter,
175 g ( 2 dl) sukker,
1 ts kanel.
Bland sukker og kanel
og dei malte nøttene saman med eggekvitane.
Sett deigen med ei lita skei på bakepapir på bakeplate.
Pynt kvar kake med ei nøttekjerne.
Steik kakene i 180 grader i 12-15 minutt.
Det blir ca 30 kaker pr. porsjon.


Kokosmakronar.
4 eggekvitar.
200 g kokosmasse,
200 g sukker.
Bland saman alt i ei kasserolle,
varm opp under omrøring til ein seig deig, 6 - 8 min.
Skal ikkje koke!
Set toppar på bakepapir,
og steik midt i omnen,
200 grader i 10 - 15 minutt.
Avkjøl på bakepapiret før du legg dei over på rist.


Etter at kakene var i boks, 
tok eg meg ein liten luftetur før mørkret senka seg.
Målet for turen var den nye flotte fyrlykta
som vi nettopp har fått på øya.


Det var mykje vind og veir i dag,
men det var fint å gå
langs den nyrestaurerte moloen.



Huset på øya er godt å kome heim til,
og ikkje lenge etter hadde mørket senka seg over oss.