Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 23. desember 2015

Juleblogg.


Den storstilte forteljinga i Bibelen om Jesu fødsel,
slik ho er fortald i evangelia etter Lukas og Matteus,
har vore til inspirasjon for mange av dei store målarstykka
vi finn rundt om i den kristne verda.
Kor mange kunstverk som framstiller 
Jesusbarnet og og Jesu mor jomfru Maria,
er det ingen som har oversikt over, 
men det er utan tvil det viktigste motivet i den religiøse kunsten.


I sommar besøkte eg den italienske byen Urbino,
som ligg i regionen Marche.
Det er ein flott renessanseby som er på Unescos verdsarvliste
på grunn av sin renessansekunst og arkitektur.
Hertug Frederico Montefeltro (1422-1482) bygde eit plass her,
fullt av kostbar kunst og måleri.



I dag held Galleria Nazionale delle Marche til i dette palasset,
og eg var så heldig å få sjå meg rundt i galleriet.
Eg fotograferte nokre av bileta som hadde motivet
Madonna og Jesusbarnet.
Bileta var veldig forskjellige og veldig vakre,
og eg synest det passar godt å vise dei fram her
no ved juletide.

















Desse bilda er frå eit lite galleri i Urbino,
men dei viser tydeleg at kunstnarar til alle tider
har late seg inspirere 
av historia om det gåtefulle Jesusbarnet og Jomfru Maria.

GLEDELEG JUL TIL ALLE
SOM TITTAR INNOM BLOGGEN MIN!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar