Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 17. februar 2016

Tyrkisk teppekunst.


Her sit ei tyrkisk kvinne ved knytestolen
og arbeider med eit teppe.
Det kan ta månader å få det ferdig,
alt etter størrelse, kvalitet og material.


7. februar besøkte vi teppelandsbyen Tavas.
Tavas ligg ca 1200 meter over havet,
og der var snø og mange kuldegrader då vi kom dit.


Tyrkiske tepper er rekna mellom dei flottaste i verda,
og teppeknyting er ei eldgammal kunstform
i Tyrkia.


Teppa er laga av 
bomull, silke eller ull.
Silke er dyraste råmaterialet, det tek månadsvis 
å knytte eit silketeppe, 
og det kostar tusenvis av kroner.


Det er stort sett kvinner som knytter teppa,
og teknikken har ofte gått i arv gjennom generasjonar.


I denne teppelandsbyen er alt materialet
til teppa farga i fargebad
med naturlege fargar.


Dei lagar sin eigen silke på teppefabrikken,
og vi fekk følgje med på prosessen frå 
kokong til silketråd.



Mange av dei ferdige teppa var 
overdådige kunstverk, 
og teppehandelen gjekk lystig 
etter at omvisninga var slutt.


Eg kjøpte meg også eit lite teppe.
Det er eit vevd kelimteppe,
som no er komt på plass heime i Volda.


1 kommentar: