Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

søndag 24. januar 2016

Vinter og snøblogg.



Vinteren er skiftande her i nordvest.
Men plutseleg, midt i januar,
begynte snøen å lave ned.


Landskapet og naturen endra seg
frå å vere grått og livlaust,
til å bli eit vakkert kvitt snølandskap.

For å vise korleis det såg ut den 17., 18., 19. og 20 januar,
vil eg legge ut nokre snøbilde frå Sandsøya og Volda.



Dette er bilde frå Sandsøya.








Seljebakken 10 i vinterdrakt.



Hus i Volda under kveldshimmel
og månelys.



Men klimaet skifter fort her på Sunnmøre.
No, ei veke etterpå, er vi back to normal igjen.
Og i dag, søndag 24. januar, har vi regn og mange varmegrader 
på Sandsøya.


I dag var det fint og snøfritt
å gå tur på moloen.


Men månen er den same gamle,
sjølv om landskapet og naturen
endrar seg.

2 kommentarer: