Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

lørdag 5. august 2017

Reisemål, Færøyane.


Eg har lenge hatt lyst å reise til Færøyane.
Eg er fødd på ei øy på ytre søre Sunnmøre, 
og Færøyane er ein stad eg har høyrdt mykje om.
Faren min drog dit på fiske, 
og eg veit at både klima og natur liknar mykje på slik vi har det
på nordvestkysten av Norge.
Så i juli drog eg og 40 andre på tur til Færøyane i regi av 
Sommarakademiet og Karin Svarstad .
Det vart ein flott tur med mange opplevingar,
og eg vil dele nokre av dei her på bloggen min.


Færøyane  består av 18 øyar, og ligg i hjartet av Golfstraumen 
i Nord Atlanteren på 62 grader Nord.
Veret på Færøyane er ekstremt skiftande.
Vi kan gjerne oppleve regnbyger, skodde, sol og kuling på same dag.
Temperaturen skiftar mellom 3,5 om vinteren og 12 grader om sommaren i gjennomsnitt.
Dei milde vintrerane gjer at sauene kan gå ute heile året,
og vi finn flotte fuksiabusker som overvintrar på mange av øyane.


12. juli reiste vi frå Bergen og landa på flyplassen på Vagar
i sol og fint veir.
Der venta buss på oss,
og vi køyrde vestover til Streymøy og Vestmanna.


På Vestmanna venta ein båttur som er noko av det mest fantastiske
eg har opplevd til no.


Den vesle båten tok oss til Vestmannberga og grottene
som naturen har forma gjennom millionar av år.


Der segla vi rundt høge frittståande klipper og inn i djupe grotter
som eg aldri ville ha trudd det var mulig
å kome seg inn og ut av.


Vi passerte fuglefjell og kom tett innpå ulike fuglearter
som hekka i fjellsidene,
og vi såg sauer som beita i nærmast loddrette fjellsider
fleire hundre meter over oss.


Det var ei spektakulær oppleving,
og det var berre å gi seg over og stole på dei færøyiske båtførarane,
som vi visste hadde gjort dette vågestykke før.


Om ettermiddagen reiste vi vidare gjennom grønt og frodig landskap
til Klaksvåg på Bordøy,
der vi overnatta på Sjømannsheimen.


På Sjømannsheimen fekk vi servert ein nydeleg fiskemiddag
som punktum for ein super og innhsldsrik første dag
på Færøyane.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar