Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 8. august 2017

Turist på Færøyane: Klaksvik og Vidareidi.


Klaksvik,
med ca 5000 innbyggjarar, er den nest største byen på Færøyane.
Den ligg på Bordoy, og er bunde saman med resten av Færøyane
via Leirviktunnellen, som vart opna i 2006.



Klaksvik blir rekna som den viktigaste fiskerihamna på Færøyane,
og er senter for handel og turisme i regionen.


Kjekt å oppdage fine hus
og frodige hagar.


På butikkrunde i Klaksvik var det ekstra gøy å lese
reklamer og plakatar.
Det færøyiske språket er tufta på gamalnordisk,
og godt forståeleg for oss.


I Klaksvik vart vi inviterte på kulturkveld 
i kulturhuset Leikalund.
Der fekk vi mellom anna høyre på 
Hanus G. Johansen, songar, musikar og komponist.
Han blir omtala som ei legende på Færøyane,
og har m.a. sett melodi til - 
og sunge inn ein heil CD med Jakob Sande songar.



K.Christians kirkjan.

Klaksvik Kyrkje er bygd i tre.
Den er bygd i nordisk stil, 
og stod ferdig i 1963.


Frå Minnelunden i Klaksvik.


Mange bygder på Færøyane har ein Minnelund
til minne om lokale sjøfolk 
som har mista livet på sjøen.

Eg sit att med eit minne om frodige Klaksvik,
på tross av at vi hadde skodde og regn og vind 
mesteparten av tida der.



Frå Klaksvik tok vi ein tur til Vidareidi, 
som er nordlegaste bygda på Færøyane.


Bygda har ca 300 innbyggjarar, og ligg heilt nord på Vidoy.
Vegen dit er kronglete og smal med mange tunnellar,
så bussen vår måtte spesialbestillast for å kunne ta seg fram dit.


Bygda ligg veirhardt til ut mot Nord Alanteren,
men er beskytta av fjell på begge sider,
og har ein fantastisk vakker natur.
Den har også ein av dei høgste fødselsratene på Færøyane,
og det ser ut til å bu folk i husa.


Naturen er vill og vakker,
og den kvite kyrkja ligg fint til nede ved sjøen.


Kyrkjegarden ligg heilt nede ved havet, 
og den nederste delen har ein gong vorte skylt vekk av storm og bølgjer.
Det er nok grunnen til at dei fleste gravsteinane ligg heilt nede i bakken.


Ved sida av kyrkja ligg den tjørebredde prestegarden med torvtak,
og her skal den sagnomsuste prestefrua Beinta ha budd.
Ho vart enke to gongar og gifta seg med tre prestar.
Så langt har ho vore hovudperson i 3 romanar
og ein spelefilm.


Eg forlet den frodige bygda med mange bilder på netthinna.
Vi var der ein gråkald sommardag,
men korleis er livet der ein mørk vinterdag med storm og sjøsprøyt
rykande inn frå havet?

1 kommentar:

  1. Der var det fint og hadde vore kjekt å vere ein gong 😀

    SvarSlett