Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 17. august 2017

Tur til Gjogv.


Gjogv betyr kløft, og bygda har fått namnet etter
den 250 meter lange og djupe kløfta som skjer seg inn i landsskapet.



Gjogv er den nordlegaste bygda på Eysturoy, ca ein times
køyretur frå Torshamn.
Den er omgitt av fjell på alle sider,
og etter ein regnfull  køyretur på smale vegar 
skimta vi bygda vakkert plassert nede ved havet.



Etter ein god lunch på gjestehuset Gjaargardur
vandra vi gjennom irrgrønt landskap
nedover mot sentrum av bygda.



Den idylliske bygda Gjogv hadde for 70 år sidan
ca 300 innbyggjarar.  No er det knapt 30 fastbuande att.


Gjogv har ei av dei beste naturlege hamnene på Færøyane.
Det er ei 250 kløft som går frå  byen og ut i havet.



Men når havet står på og stormen raser,
må båtane bli trekt høgt opp på land
for å vere trygge for bølgjene.


Fiske har alltid vore det viktigaste livsgrunnlaget
for folk i Gjøgv.
Men havet er ein streng herre.


Frå 1870 - 1928 mista 30 menn frå Gjøgv livet på sjøen,
og halvparten av dei gifte kvinnene i bygda vart enkjer.
Dei har fått sitt minnesmerke.
Ved kyrkja og minnelunden i Gjøgv sit ei kvinne på ein benk
med eit barn på kvart kne.
Dag og natt stirrer ho utover havet.


Framtida for Gjøgv kan virke usikker.
Men den har unik natur,
og dei gamle husa ser ut til å bli tekne godt vare på.



Fjella rundt er ideelle for fjellturistar,
så turisme har alle muligheiter til å bli
ei ny vekstnæring for bygda.





1 kommentar: