Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

onsdag 16. august 2017

Sauer på Færøyane.


Det bur 50 000 menneske på Færøyane, og 75 000 sauer.
Atlanerhavsklimaet med milde vintrar og kjølege somrar,
gjer at sauene kan beite ute heile året.


Sauerasen på Færøyane er ein variant av 
den nordeuropeiske korthala sauen.
Den har mange ulike fargar og fargekombinasjonar.


Sauene har førsterett til beiteområda på øyane. 
Vi kan sjå dei overalt, både høgt oppe i fjella
og i brattene nedover mot havet.


Vi besøke Landbruksdepartementet på Færøyane, 
og der lærde vi mykje om sauedrift.
Vi fekk m.a. vite at beitetrykket på øyne i dag er altfor stort,
og planane er å redusere talet på sauer 
frå 75 000 til 50 000 for å skåne jorda.
Men dette skal skje frivillig, så det vil nok ta si tid.



Vi var så heldige å få reise på besøk til Kollafjørdur,
og der budde Dorthea Joensen på garden sin saman med 
mann, born og borneborn.




Då vi var der hadde dei akkurat henta inn nokre av sauene sine
for å klippe dei, 
og dette fekk vi sjå på nært hald.



Ullfellen på sauene er todelt, 
det er fin ull i botnen og grovare dekkull ytterst.
Det er berre den grove ulla som blir klipt vekk,
ellers ville sauene fryse når hausten og vinteren kjem.





På garden til Dorthea hadde dei også hestar.
Færøyhesten har lenge vore utryddingstrua, 
men no er det ca 80 slike hestar på øyane. 
5 av desse finn vi hos Dorthea.


Gjestfriheita var stor hos Dorthea, og vi vart alle bedne inn 
til å forsyne oss av eit velfylt kaffibord.



Vi forlet Kollafjørdur etter eit spesielt besøk
hos familien Joensen. Vi hadde for ei kort stund vore
nær naturen og dyra og menneska på garden
på ein måte vi seint vil gløyme.




Sauene er flittig brukt som motiv
i kunsten på øyane.


Her frå Kulturhuset i Torshavn.


Desse trykka fann eg i ein kunstnarverkstad i Torshavn,
men dei fekk ikkje bli med heim.



Vi besøkte verkstaden til kunstnaren Rogvi Bø i Klaksvik.
. Han hadde også nokre sauer i atelieret sitt.
Ein av dei fekk vere med meg heim, som eit minne og representant
for alle sauene eg møtte på Færøyane.


1 kommentar:

  1. Kjekt å sjå fine bilder! Eg tenkte meg det ville være stort fokus på sauer og ull når du for på tur med Karin, ja! :-)

    SvarSlett