Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 26. mars 2015

God påske.


God påske
til alle som er innom bloggen min. La oss glede oss over denne flotte årstida. Våren er her, og eg vil gjerne dele eit par vers av den finaste vårsongen eg veit om med dokke.

No livnar det i lundar, no lauvast det i lid, 
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord
og atter som eit under nytt liv av daude gror.
(E. Blix.)

Påskeliljer i hagen i Volda.
No er eg så heldig at eg skal på påskeferie ute i havgapet på ytre søre Sunnmøre, nærmare bestemt på Sandsøya. Det kjem nok nokre blogginnlegg derifrå etterkvart.

Siste dag i Marokko.

Siste dag i Marokko.

Argantre.

Siste dagen køyrde vi forbi mange Argantre, som er eit treslag som veks berre i den sørvestlege delen av Marokko. Argantreet er eit av dei eldste treslaga i verda, og har lenge vore utryddingstrua. Arganskogen blei derfor sett på UNESCOS liste for verneverdige område i 1998. Trea kan bli opptil 10 meter høge, og kan bli 150 - 200 år gamle.

kvinnene pressar ut arganolje.

Kong Hassan 2. starta mange kvinnekooperativ i Marokko, for å gi arbeid til enkjer og fråskilde kvinner. Siste dagen besøkte vi eit slikt kooperativ, som laga forskjellege produkt av arganolje.
Det var berre kvinner som jobba der, og dei tente nok pengar til å sende døtrene sine på skule.
No hjelpte døtrene til som guidar og salsmedarbeidarar i kvinnekooperativet.

Her blir dei ferdige produkta presentert.
Så var ferien i Marokko over. Eg vil for alltid ha bilete frå dette fargerike og eksotiske landet på netthinna. Og eg kan på det varmaste anbefale å reise på rundtur i Marokko, som iallfall foreløpig er eit trygt land å reise rundt i.

Farvel til fargerike Marokko...

onsdag 25. mars 2015

Essaouira.


Essaouira
var siste kongebyen vi besøkte, den var hovudstad på 1700-talet, då Mohammed ben Abdallah flytta hovudstaden dit. I dag  har byen ca 60 000 innb. Det er ein turistby i sørlege Marokko som ligg ved Atlanterhavet, og medinaen står på UNESCS verdsarvliste. Det er mykje fint og billeg å få kjøpt i denne byen, og på bildet sit ein mann og strikkar luer som blir selde til ein billeg penge.


Sonen til strikkemannen var sølvsmed, og hadde butikk like ved. Han snakka godt engelsk og hadde arbeidd i utlandet, men lengta heim, og hadde no starta sin eigen butikk.


Portugisarane bygde ei festning i Essauira på 500-talet, og det er fint å vandre rundt i restane av den.


I Essaouira budde vi på eit veldig spesielt hotell i medinaen. Det var eit gamalt herskapshus, det lokale namnet på slike hus er riad. Det var bilfritt område, så bagasjen vår måtte hentast i vogser og berast opp smale og bratte trapper inne i huset. 


Huset hadde 3 etasjer og vi budde på toppen. Her ser vi ned i atriumet i 1. etasje.


Detalj frå hotelromet.


Vi hadde flott avskjedsmiddag med fleire rettar i restauranten på hotellet. Hovudretten kom som vanleg i tachin gryte, ei til kvar.


Vi hadde underhaldning til maten denne kvelden, alle var i godt humør, og syntest vi hadde hatt ein topp tur!

Casablanca.


Casablanca.

Casablanca er den største byen i Marokko med ca 5 mill. innb. Den ligg ved Atlanterhavet, og er den viktigaste handels- og hamnebyen i landet. Men den er langt frå den vakraste, og ingen turistby.  Byen er blitt verdskjend på grunn av spionfilmen "Casablanca",  som alle trur er blitt laga der, men som i verkelegheita er spelt inn i Hollywood.


Hassan 2. moskeen
er ein attraksjon i det moderne Casablanca. Det er den største moskeen i Marokko og Afrika, og minareten er verdas høgste, med sine 210 meter.
Casablanca er ingen vaker by, og for å gi byen eit praktbygg, let kong Mohammed 6. bygge Hassan 2. moskeen til minne om faren med same namn. Moskeen stod ferdig i 1993, og har blitt eit landemerke for byen.


Mange kvinner og menn brukte ei slags lang kappe når dei gjekk ute i gatene. Desse vart kalla jellaba, og fanst i fleire fargar og mønster.
Det er forbode for kvinner i Marokko å bruke slør eller nekab på jobb eller skule. Men i dagleglivet kan dei velje sjølv kva dei vil bruke.


tirsdag 24. mars 2015

Rabat.


Rabat.
Rabat er hovudstaden i Marokko, har ca 700 000 innb., og er 3. største byen i landet. Byen ligg ved Atlanterhavet ved munninga av elva Bou Regreg, og er kjend for sine praktfulle hagar. Sentrum av Rabat vart oppført på UNESCOS verdsarvliste i 2012.

Kongar i Marokko.
Franskmennene gjorde Rabat til hovudstad i 1912. Då landet vart sjølvstendig i 1956, valde den dåverande kongen, Mohammed 5., og la hovudstaden bli verande i Rabat. 
Då han døde, vart sonen Hassan 2. konge. Hassan 2. bygde det praktfulle Mohammed 5`s. Mausoleum i  Rabat, der dei kongelege blir gravlagde.

Mohammad 5. Mausoeum.
Inne i mausoleet. Kista til Mohammed 5. i  forgrunnen.
I dag er Mohammed 6.(f. 1963) konge i Marokko.
Han overtok trona i 1999, då faren Hassan 2. døde. Han er svært populær blant folket, ikkje minst fordi han gifta seg med ei vanleg marokkansk kvinne, dataingeniøren Salma Bennani frå Fes. 
I motsetning til faren og bestefaren valde han sjølv kven han ville gifte sg med, og han har berre ei kone, ikkje eit heilt harem som faren og bestefaren.  Paret har også berre 2 born, kanskje som eit bidrag til å stanse den store folkeauken i landet. Folk i Marokko får gratis prevensjon, dei får barnebiidrag for dei 2 første borna, og halvt bidrag for nr. 3.  Får dei fleire born, får dei ingen ting. Snittet på born pr. familie i Marokko er no 2,4 i byane, og 3 på landsbygda. 

Kong Mohammed 6. og Lalla Salma.
Gamlekongen innførde skuleplikt for alle born på 90-talet, og kongen og Lalla Salma følgjer opp. 
Det er 9 års skuleplikt, og offisielt er skulen gratis, men folk må sjølve kjøpe skulebøker til borna. 
Kongefamilien er aktivt med på å samle inn pengar til ranslar og skulebøker til fattige born.
Kongen har sagt frå seg apanasje, og han brukar mykje pengar på å finansiere husvære til fattige familier. Målet er at alle skal bu i hus med innlagt vatn og straum.

Mann i nasjonaldrakt. Slike såg vi i dei store byane. Dei ville gjerne tjene nokre slantar på å bli fotografert.

mandag 23. mars 2015

Fes.



Fes.
Byen har i dag ca 2 millionar innbyggjarar, ligg 300 m over havet og er Marokkos 3. største by.
Den er den eldste av dei kongelege hovudstadane, og var hovudstad i Marokko før 1925.
Den 800 år gamle medinaen er på UNESCOS verdsarvliste, og er truleg verdas største urbane bilfrie område. Vi finn palass, moskeer, fontener og handelshus innafor bymurane.

Fes har også ein ny og moderne bydel. Vi budde på hotell Barcelo, ikkje langt frå eit flott kjøpesenter der ein kunne kjøpe dei fleste vestlege merkevarer.

 
Biletet til venstre er frå hotell Barcelo, til høgre er vi inne i kjøpesenteret. 

På gåtur i medinaen.
Det er ca 10 000 gater i medinaen, så det er store muligheiter for å gå seg vill.
Ein spasertur i medinaen er ei spektakuler oppleving. Masse folk, og steinlagde smale vegar. stor trafikk, og ei mengd varer som skal fram til butikkane. Alt må fraktast med trekkvogner, sykkel eller eseltransport. Er eit esel i annmarsj, blir det ropt varsko på lang lei, og då er det berre å kome seg i sikkerheit som best ein kan.





















Esel fraktar varer i medinaen.



Garveria i Fes
er ein av dei store attraksjonane i medinaen. Å gå rundt i buntmakarkvartalet og oppleve sterke fargar og lukter, er utruleg facinerande.





Bilete frå Garveria i medinaen. Under ser vi nokre av dei ferdige produkta.


I medinaen i Fes blir det laga mykje fin keramikk. Ein kan ofte sjå svart røyk stige opp
 over Fes, det er fordi det blir fyrt med olivenrestar i keramikkomnane.







søndag 22. mars 2015

Meknes

Meknes



Rundturen eg var på heitte Marokkos kongelege byar, og kongeby nr. 2 var Meknes.
Meknes var hovudstad under sultan Moulay Ismail på 1600-talet.Han bygde ein keisarby omgitt av høge murar med høge portar. Innafor bymuirane kan ein sjå restar av det keisarlege palasset, enorme stallar, store kornmagasin og sisterner med vatn. Ein finn også restar av 35 moskear, 10 harem, gjestgiveri for handelsmenn og flotte hagar.
Om sultan Malay Ismail vart det sagt at han elska dyr og kvinner. Han hadde 800 koner, 1200 hestar og mange andre skjeldne dyr. Den gamle bydelen i Meknes vart i 1996 ført opp på
Unescos verdsarvsliste.

I Meknes besøkte vi sultan Ismails moske. Dette er ein av dei få moskeane i Marokko som er åpen for ikkje muslimar, og vi blei godt mottekne og fekk helse på imamen.




Inngangen til sultanen Ismails moske.

Inne i moskeen.

Guide Maria og imamen.
Guider og imamer i moskeen.





















I basarane i Meknes var det overflod av dei mest eksotiske varer:

Såpe.
Krydder.





fredag 20. mars 2015

Marrakech.

Marrakech.

Då vi landa på flyplassen i Marrakech, vart eg veldig overaska over synet som møtte oss.
Eg hadde ikkje venta at byen skulle vere omgitt av mektige, snødekte fjell, men det var akkurat det den var. Marrakech, som har ca 1 million innbyggjarar, ligg ved foten av Atlasfjella, ei fjellkjede som går gjennom Marokko, Algerie og Tunisia.

Når vi er i Marrakech, må vi sjølvsagt besøkje  Jemaa el-Fna, som står på Unescos verdsarvliste, og er eit av kjenneteikna på byen. Jemaa el-Fna er ein stor åpen plass med eit yrande folkeliv som det er vanskeleg å finne maken til. Ei blanding av fargar, lukter, musikk, slangetemmarar, tamme aper, hestedrosjer, tryllekunstnarar og alle slags gateseljarar, set oss tilbake til stemninga i eventyra i 1001 natt. Kvar ettermiddag blir delar av plassen gjort om til eit utendørs kafeområde. Kafeeane blir trilla inn, sett opp i ein fart og med stor presisjon, kolgrillane blir tende, og snart er heile plassen innhylla i fantastiske lukter, og nydeleg fargerik mat blir trylla fram.


Kafèar på Djema-el-Fna plassen
Aischa bak grytene

Maten vi bestilte var deilig Couscous.

Vi tok sjansen på kafe nr. 1, eigd av driftige Ascha, som sjølv stod bak grytene og organiserte dei mange medarbeidarane sine.  Eg kan føye til her at vi smakte på allslags mat i Marokko, og ingen i reiseselskapet vårt vart sjuke.

Dette var litt av det vi såg under ein fottur i basarane:

På jobb i verkstaden.
Deilige oliven og glaserte sitronar.



Besøk i butikk der vi fekk kjøpe alt frå krydder til
 snorkemiddel og sovemedesin.
Keramikkbutikk.