Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

tirsdag 21. april 2015

Vårt første fotoapparat.



Vårt første fotoapparat
vart kjøpt inn 
i begynnelsen av 1950 åra.
Etter det vart vi avbilda i ulike situasjonar, 
men det vart aldri nokon masseproduksjon. 
Film og framkalling var dyrt, og bilda vi har frå den tida er få og dyrebare. 
Vi skulle sjå skikkeleg ut, og vere fint oppstilte, og det var ikkje snakk om 
å kassere uheldige bilde,
Kontrasten til dagens digitale knips og slett bilder er enorm!!



Her ser vi det dyrebare apparatet og filmtypen som vart brukt.




Her er eit bilde av veslesøstra mi og meg.
Eg har med gitaren som pappaen vår som segla i utenriksfart 
kjøpte til meg i Venezia.
Kattane er også med på dei fleste bilda.
Vi hadde kattar i heile barndommen, dei heitte Siri eller Miri,
og var grå eller kvite.
Kanskje er det derfor at søstra mi og eg elskar kattar den dag i dag!

Søndag 19. april, ein fin vårdag på øya.


Ein vårdag på øya.

Våren kjem tidleg her ute. 
Vintrane er milde, og mykje regn gjer at nytt liv sprett fram overalt.
Påskeliljer og tulipaner blomstrar i sola, og bjørkene og lerken har blitt grøne alt.
Ein ny hagesesong har begynt, og eg har funne fram trillebåra, som er min faste følgesvenn  
frå tidleg i  april til seint i oktober. Trillebåra hjelper meg til å realisere mange hageprosjekt,
ikkje minst frakting av steinar.
 Eg har blitt ein steinsamlar, og å leite etter passande steinar til bruk i hagen
er noko av det artigaste eg veit.



Gullripsbusken.


Gullripsbusken er det treet som blomstrar først i hagen om våren.
Lukta er intens, og minner meg om mine barndoms vårar.
Vi fekk ikkje lov til å ha gullrips i vasar inne, 
fordi lukta blei for skarp. 

Klestørk.


Det er kjekt å vaske klede på øya, for klestørken er som regel perfekt.
Sidan vi ligg like nord for Stadt, bles her på det jamne 
frisk bris eller liten kuling, og ofte meir.
Men stormane gjer sjelden stor skade, 
for naturen og bygningane ser ut til å ha tilpassa seg det meste.

Nytt prosjekt.


Dette blomsterbeddet starta eg på i fjor,
og det har endå ikkje funne si form.
Spennande å sjå korleis det utviklar seg i løpet av sesongen!

mandag 20. april 2015

Sandsøya,ei perle på ytre søre Sunnmøre.




Sandsøya, ei perle vest i havet.

Næraste nabo i vest er Norskehavet, i aust har vi Gurskøya, i nord Skorpa og Nerlandsøya og på sørsida av øya har vi Kvamsøya og Stadtlandet med Vestkapp.
I dag er det ca 250 fastbuande på øya, men med hyttefolk og turistar aukar folketalet  både
vinter og sommar.

Eg er så heldig å vere fødd og oppvaksen på denne øya, og eg har framleis barndomsheimen min her.
Rett nok bur eg her ikkje fast, men huset er her, og no som eg er pensjonist, kan eg vere her ganske ofte. Eg føler eg er priviligert som har røtene mine her ute ved havet, og  
når eg er her, føler eg at dette er min stad på jorda. Huset er fullt av historie frå barndom og ungdomsår, og litt om livet på øya, i notid og fortid, vil eg skrive om her på bloggen. 

tirsdag 14. april 2015

Del eit dikt.


Fekk lyst å dele dette diktet som eg nettopp kom over.

Sol i livet.

Det er sol ute.
Jeg er et menneske som titter ut.
Solen gir meg lyst til å være glad å leve.
Jeg er et menneske som lar meg påvirke.
Solen titter inn gjennom vinduet.
Den varmer.

Jeg er et menneske som kjenner at den utgjør en forskjell.
Solen velger meg, og jeg velger meg solen.
Andre mennesker kan være akkurat som sol i livet.
Jeg er et menneske. 
Kan jeg være en sol i noen andres liv?
Jeg vil gjerne være det.
Jeg er ufattelig takknemlig for
at jeg har mennesker som er sol i mitt liv!

Jeg må åpne øynene for å se solen,
men kjenner den gjør jeg også med øynene lukket.
Jeg må bare våge å finnes til, la meg selv kjenne varmen og lyset.
La solen få glede og påvirke meg.
Våge å være det mennesket jeg er, med sol i livet.

Forfatter ukjent.