Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

søndag 31. mai 2015

Laurdagstur til Bjørke.


Frå Volda køyrde vi først Kvivsvegen, tok av til Bjørke,
og køyrde så Skjåstaddalen til Bjørke.
Turen  tek ein god halvtime.


På vegen stoppa vi ved Litlevatnet i Austefjorden 
og såg på paddeskulpturen som Robert Steinnes har laga.
Den og paddetunnellane har blitt ein skikkeleg attraksjon!



Bjørke ligg indst i Storfjorden omgitt av Sunnmørsalpane.
Sjølv om det var grått og litt regn, kunne vi ikkje unngå 
å bli imponerte over den storslagne naturen.
Bygda kan også skryte av å ha bevart ein opprinneleg telefonkiosk!


Målet for turen var å besøke Bakketunet og måleriutstillinga til Robert Steinnes.
Det freda Bakketunet er kanskje det eldste gardstunet på Sunnmøre.
Der er 6 bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549.



Bakketunet er ei perle
der ein må ha god tid til å studere detaljar både ute og inne.


Robert Steinnes har utstillinga si i den gamle kufjøsen på Bakketunet.
Han stiller ut 23 måleri med motivkretsen menneske.
På nokre av måleria er motiva menneske og musikk.


Han stilte også ut måleri  i litt mindre format 
enn desse musikkbilda.


Dette var ein smakebit frå Robert Steinnes si utstilling.
Den vil bli hengande i Bakketunet til 20. juli.




Det skjedde også andre ting i Bakketunet denne laurdagen.
Blandt anna opna Retrosalongen med interiør
henta frå  50 - 70-talet.


Interiør frå Retrosalongen.



Vi kunne ikkje forlate Bjørke utan å glede oss over
den vakre Erkegarden 
som no blir restaurert av Inge Kolås.



For meg var eit besøk på Antikklåven på Bjørke
ei perfekt avslutning på turen.
Eg fekk med meg heim ein liten skatt frå Egersund Fajansefabrikk.

fredag 22. mai 2015

Trim i 1950-åra.


(Veslesystra mi og eg på søndagstur. I heimesydde klede og kaninskinnhuer)

Tidene forandrar seg.

Då eg vaks opp på Sandsøya  i  50-åra, var trim eit ord som ikkje fannst i vokabularet vårt.
Sjølvsagt leika vi oss og sprang og hoppa frå stein til stein i fjøra.
Vi var på Rinden på skuletur kvar vår,
men milde vintrar og mangel på snø og is
gjorde ski og skøyegåing svært begrensa.


Dei vaksne arbeidde heile tida.
Mennene hadde som regel hardt fysisk arbeid
på sjøen eller på småbruka  heime.
Kvinnene styrde huset, ungane og fjøsen for dei som hadde det.
Dei tok oss sjeldan med på tur.


Mor mi tok meg og veslesystra mi med på søndagstur ca ein gong i året.
Då gjekk vi rundt Sandsvågen for å sjå på svanene som var der om vinteren.
Vi gjekk også av og til i Stranda på nordsida av øya, 
og hadde med mat og saft og kosa oss der.
Men då henta vi som regel hønsesand til hønene våre,
så det kom innunder kategorien arbeid det også.

Som ein kuriositet kan nemnast
at første joggaren vart observert på øya ein gong i 70-åra.
Nyheita gjekk frå hus til hus.
og alle hadde ein kommentar til dette særsynet.


Slik såg hamna på Sandsøya ut
på slutten av 1950-talet.

fredag 15. mai 2015

Min beste kvardagstur.




Når eg er på Sandsøya,
må eg alltid ta ein tur på moloen.
Dagen blir ikkje den same uten.



På moloen kjem ein nær naturen, himmelen og ikkje minst havet.
Havet forandrar seg heile tida.
Når det blæs storm, er det farleg å gå på moloen,
for sjøsprøyen slær ofte over.
I sol og stille er havet blankt og speglande.


Himmelen forandrar seg også.
Stormskyer og regnskyer og plutselege solglimt 
gjer veret uforutsigbart her ute på kysten.


Fuglar er det rikeleg av rundt moloen.
Hegre og skarv sit opprada på skjera, og måsane skrik over hovuda våre.
Ikkje sjeldan kan vi sjå havørner og ramnar 
som kresar over fjell på øya.


Nedst på moloen står fyret.
Eg kan sjå det frå stova heime, og heilt frå barndommen har eg hatt eit spesielt forhold til det.
Far Kaspar var stuert i utenriksfart, 
og eg tenkte på han når fyret blinka i vintermørkret.
Fyre nærte også opp om eventyrlyst og utfartstrang.
Som Jan Høyland song i ønskekonserten  i 1950 åra:
"Fyret blinker meg i møte fra det fjerne, med en hilsen fra den store by.
Hvite måke, hils mine kjære, og fortell dem at vi snart skal sees på ny. "  


Bilde frå kveldstur på moloen.


På enden av moloen er det ein god fiskeplass.
Her kan vi få både torsk, sei, lyr og makrell alt etter årstid.
Hit kan du gå og hente dagens fiskemålid heilt gratis!


Desse steinane som ligg tvers over moloen er det 
orkanen Dagmar som har lagt att.
Så naturkreftene er formidable!!

tirsdag 12. mai 2015

Fjella på Sandsøya.

     
     
Kart over øya.


På Sandsøya er det 8 fjelltoppar.
Det er Kletten, Kulen, Rinden, Signalen, Dollsteinen, Hellandsfjella
Hornet og Grøntua.
Det best kjende av desse fjella er
Dollsteinen (227m),
eit karakteristisk fjell heilt på vestpynten av øya.
Det har bratte fjellsider ned mot havet, og er eit kjent sjømerke.
Øya hadde i eldre tider namnet sitt etter dette fjellet, då heitte den Dollsøy.


Men det som gjer dette fjellet spesielt, er at det på sørsida av Dollsteinen,
ca 60 meter over havet, ligg opninga til Dollsteinhola.
Dollsteinhola blir omtala som
"Truleg den største og merkelegaste fjellgrotta i Noreg"
Hola er kjend frå langt tilbake i historisk tid, 
og det er fortalt at hola, etter segna, går under havet til Skottland.
Det er gjort utgravingar som syner at det har budd folk i hola
ein gong i tida.


Visst du vil besøke Dollsteinhola, kan du køyre bil eller sykle til Skare.
Der sluttar asfaltvegen, og frå Skare til Dollsteinhola går det 2 km merkt sti 
langs sjøen. Der er litt ulendt, men stort sett greit terreng.
Langs stien er det fleire små holer, 
Storegjøtten og Veslegjøtten og andre spennande fjellformasjonar.


(Foto: Flatøy Holidays. Inngangen til hola frå innsida.)

Det går an å gå nedover i Dollsteinhola, men det er mørkt og trangt
og delvis vanskeleg å ta seg fram.
Så ein må aldri gå innover i hola uten kjentmann eller førar.

Påsketrim på Sandsøya.
Kvar langfredag arrangerar Sandsøy IL sjutoppstur og landevegsmarsj på øya.
Dei 7 toppane er Kletten, Kulen, Rinden, Signalen, Hellandsfjella, 
Hornet og Grøntua.
Landevegsmarsjen går rundt Sandsvågen, som også er ei fin turoppleving.


I år samla arrangementet 320 deltakarar. 
 Dette var imponerande, for det låg snø på toppane, og sludd og snøbyger
trekte inn frå havet. Løypene var til dels gjørmete og tunge,
men det stoppa ikkje turdeltakarane!
Å gå tusen høgdemeter opp og ned, samt 15 kilometer, 
er ei utfordring for dei fleste. 


Men utsikta frå alle fjella er formidabel.

Men for borna er det kanskje medaljen 
som er det største trekkplasteret!


Ein glad gut, 7 år og 7 toppar!

Men det går fint an å ta ein topp om gongen.
Det finns ein topp for alle, og dei ligg der tilgjengelege året rundt!


Her er vi på familietur til Kletten.

fredag 8. mai 2015

Sandsøya, eit tureldorado.


To glade born på tur i Hellandsvågane.


Vi kjem til Sandsøya med ferge frå Larsnes.
Det er ein fergetur på 30 minutt, og dersom vi er så heldige at det er
bilferga "Kvam" som går, er vi sikra ein fergetur med fin utsikt over øyane 
frå den øvste salongen.


Vi får endåtil kjøpt sveler og kaffi for ein billig penge.


Det kjem mange dagsturistar til øya.
Det er ikkje uvanleg at dei set igjen bilen på Larsnes,og tek sykkelen med på ferga.



Her nærmar vi oss Voksa.


Det er asfalt på vegane over heile øya, og ideelt å sykle.
Rasteplassar er det nok av, utsikt har du overalt, og sjøen er aldri langt unna.


Sandsvågen er eit verna våtmarksområde, og ein tur rundt vågen på beina eller på sykkel 
passar både for store og små.
Ein kan sjå mange slags fuglar på turen, bla. hegre, grågås og skarv. 
Om vinteren er det sangsvaner som held til på vågen. 


Ein kan også sykle til Hellandsvågane og gå til fots til nordvestspissen av øya.
Då kjem ein skikkeleg i kontakt med havet.