Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

søndag 10. januar 2016

Nytt år og nye muligheiter.


Vi har begynt på januar 2016,
og det er på tide å seie godt nyttår 
til dokke som les bloggen min.


Først og fremst føler eg meg takknemmeleg
for at eg får vere med i livet, og ta fatt på 
kvardagane som ligg framføre meg.

Kvardagar som er heilt alminnelege, 
er på mange måtar dei beste.
Etterkvart som eg blir eldre,
føler eg at dagane er dyrebare,
og dei flyg så altfor fort avstad.
Som Knut Hamsun sa:
"Ikke visste jeg at dagene som kom og gikk var selve livet."
Eg har lagt meg desse orda på minne,
og prøver å fylle dagane med ting som er viktige 
både for meg sjølv og andre.
Eg skal kome tilbake til nokre av tinga som engasjerer meg
i bloggen min framover.


No er det eit år sidan eg starta Regnbogebloggen min,
og eg synest det er kjekt å halde på med den. 
Eg har lyst til å utvikle den vidare, 
og gjere den litt meir proff.
Kanskje får eg det til i løpet av dette året?


" Gode venner må man ha. Det gjer livet veldig bra."
Vennskap og sosiale relasjonar er viktig å ta vare på.
Det skal eg gjere mitt beste for å leve opp til dette året.


I dag er det søndag 10. januar, og dette har vore ein god dag.
Vi har vore på helgatur til favorittøya mi,
der er det alltid kjekt å vere.


Høgdepunktet i dag var å få vere tilstades 
Nyttårssong  i gamle Sande kyrkje.
Det var ei flott kulturell oppleving, og den aller beste start 
på Sandsøyåret 2016.



1 kommentar:

  1. Kjekt og lese bloggen din, du er flinke.















    Kjekt og lese bloggen din, du er flinke




    SvarSlett