Regnbogeblogg

Regnbogeblogg
Utsikt frå Grøntua på Sandsøya mot Skorpa.

torsdag 26. februar 2015

Takk til:

Tusen takk til barnebarnet mitt som er teknisk sjef og hjelpesmann.
Utan han hadde ikkje bloggen min blitt så bra.
Eg får ikkje lov å legge ut bilde av han,
så eg legg ut eit bilde av kattane hans istaden.



Vegen tilbake.

Vegen tilbake.

Det var uventa at starten på det nye året skulle bli så tøff. Det verste for meg var at det var så vanskeleg å snakke. Eg måtte bruke mykje energi for å få til å uttale orda, og nokre lydar blei feil, fordi musklaturen på høgresida av munnen var slapp.
Eg er vanligvis veldig glad i å snakke, og no opplevde eg å måtte sitte taus i samtalar fordi eg ikkje greidde å formulere orda og tankane fort nok.
Dette var for meg ein skremmande opplevelse, og eg bestemte meg veldig fort for at eg ville tilbake til slik eg var før, der eg kunne snakke fort og mykje.

Merkeleg nok var eg aldri i tvil om at eg skulle greie det, det var berre eit spørsmål om kor fort det ville gå. Men eg er ganske utålmodig, så eg ville det skulle skje veldig fort.

Å ja, no 2 månader etter hjerneslaget kan eg snakke fort og mykje igjen, og tydeleg også. Dei som ikkje veit at eg har hatt slag, merkar ikkje noko før eg fortel om det.
Eg har teke alle metoder i bruk for å klare det så fort. Det viktigaste trur eg er at eg har brukt språket veldig mykje. Eg har kasta meg ut i samtalar, og på ein måte kopla ut den kritiske delen av hjernen.
Formuleringsevnen har gradvis kome tilbake, og tydeleg uttale av orda er på plass.

Det ligg sjølvsagt ein del formell trening i botnen. Eg har hatt hjelp av logoped, 3 timar var nok.
Eg har lasta ned artikulasjonsprogram på nettbrettet, massert ansiktet, tygd mykje tyggegummi, og ein del andre lure ting.
Men det viktigastee er ikkje å vere redd for å snakke. Språket er ei gåve, som det er verd å kjempe for. Finmotorikken har også blit betre. Eg kan skrive bra tydeleg igjen, her hjelper det også å øve seg. Eg trener på treningsstudio hos fysioterapeut, og kroppen og balansen har blitt  bedre etterkvart.

Så for meg har dette vore ei solskinshistorie så langt. Det har også vore ei utfordring, men eg har merka framgang heile tida, og det har gitt motivasjon til å stå på vidare.

No tek eg ein pause frå bloggen ei vekes tid. Eg skal på ferie til Marokko, og gler meg til å fortelje om  turen når eg kjem tilbake igjen.
Her er eit bilete av meg slik eg ser ut i dag.

onsdag 25. februar 2015

På sjukehuset.

På sjukehuset.

Etter alltid å ha hatt god helse, var det litt rart å hamne på sjukehus med diagnose hjerneslag.
Men slik kan livet, utan forvarsel, bli snudd opp ned frå den eine dagen til den andre.

Når ein blir lagt inn på sjukehus, glir ein fort inn i pasientrollen.
Det er som å vere inne i ei boble, der livet utanfor blir noko ein betrakter gjennom vinduet.
Det som blir viktig, er dei skjebnene ein ser rundt seg, og ein sjølv blir eit nummer i rekkja.
Rutinene og undersøkingane går sin gang, og tankane mine beskjeftiga seg med det som skjedde der og då. Eg var på sjukehuset i 3 døgn. Då vart eg diagnostisert, undersøkt og medisinert.
Så kunne eg dra heim, og halde fram med livet mitt.

I Norge får omlag 13000 personar akutt hjerneslag kvart år. Ein tredjedel av slagpasientane får  massive skader eller døyr. Ein tredjedel får varige skader, og den siste tredjedelen får små eller ingen varige skader.
Eg høyrer til den heldigste tredjedelen. Diagnosen min var dysartri, som betyr at muskelkontrollen for tale er redusert. Dessutan hadde eg dårleg motorikk i høgre handa, det oppdaga eg til min forskrekkelse første gong eg skulle skrive namnet mitt, og det vart berre utydeleg rot.
Balansen var heller ikkje på topp, for heile høgre sida var litt ramma.
Men eg gjekk ut av sjukehuset på egnne bein, og ved godt mot.

No er dette to månader sidan, og neste gong vil eg skrive om korleis vegen hit har vore.

tirsdag 24. februar 2015

Fortsettelse av første innlegg.

Fortsettelse av første innlegg.

Her vil eg fotelje litt om kvifor bloggen min ikkje starta først i januar som eg hadde tenkt.

2. juledag vakna eg etter ei heilt vanleg natt, og viste at noke var gale.
Eg prøvde å snakke, men det vart berre uklart og bablete. Musklane rundt munnen ville ikkje lystre.
Eg stod opp, og håpte det ville rette seg utover dagen.
Eg skulle ha familieselskap den dagen, og starta førebuingane som vanleg. Eg visste at eg nok hadde hatt eit slag, men var ikkje villig til å ta konsekvensane av det der og då.
Middagen blei ferdig, bordet dekka, og gjestane kom.
Då var det inga nøling lenger. Den eldste dattra mi sa: "Mamma, ansiktet ditt heng på eine sida.  du har hatt slag." Eit kvarter etterpå var eg på veg til sjukehuset i ambulanse.
Eg var hverken redd eller forskrekka.  eg visste jo kva som var skjedd, eg ville berre ikkje ta konsekvensen av det.
Rapport frå  sjukehuset kjem i neste innlegg.

fredag 20. februar 2015

Snøklokker i februar

Snøklokker i februar




Det er vårstemning på Hauane sjølv om det er berre februar.
Regnet og kulingen har vekt dei sovande løkane,
og vi blir i godt humør av å sjå på snøklokkene 
som blomstrar overalt i dei gamle hagane.
Det er noko ekstra med snøklokkene i Volda!

torsdag 19. februar 2015

Første innlegg.


Første innlegg:

Eg er ei godt vaksen dame som fylte 70 sist sommar.
Eit nytt tiår, og eit nytt kapittel i livet mitt har begynt.

Eg vil nytte dei komande åra til bla. å lære om- og oppleve nye ting.
Noko eg må skjerpe meg på, er datakunnskap og databruk.
Derfor startar eg no eigen blogg, sjølv om nervøsiteten kriblar i magen.
Trur det kan bli artig også.
Eg likar å skrive, og eg vil gjerne dele det eg skriv med andre.
Har funne på namnet REGNBOGEBLOGG fordi dette vil bli ein blogg som omhandlar
mange emne, og vil ha mange nyansar,

Eg hadde som mål å starte bloggen min 1.januar 2015.
Kvifor det blei utsett til 18. februar, skal eg skrive om neste gong.